Brunrot
Brunrot (Scrophularia nodosa) er ei urt i brunrotfamilien. Arten er utbreidd i tempererte område på den nordlege halvkula, bortsett frå vestlege delar av Nord-Amerika.[1]
Brunrot | |
Brunrot | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Brunrotfamilien Scrophulariaceae |
Slekt: | Brunrotslekta Scrophularia |
Art: | Brunrot S. nodosa |
Vitskapleg namn | |
Scrophularia nodosa |
Planta vert kring 70 cm høg og har store lyse knutar på jordstengelen. Ho har snaue blad og snau stengel nede og er kjertehåra oppe. Blomsteren om lag kulerund, grøn krone med brun overlepe. Brunrot blømer kring juli månad på steinete stader i skugge.
Brunrot er heimleg i Noreg og veks nord til Finnmark. Planta er funnen opp til 800 m i Seljord og Stryn.[2]
Kjelder
endre- ↑ Mills, S., The Complete Guide to Modern Herbalism, Thorsons, Great Britain, 1994. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 957.
- Svensk Wikipedia.