Havmus
Havmus
Havmus
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Underklasse: Heilhovud Holocephali
Orden: Heilhovudfiskar Chimaeriformes
Underorden: Chimaeroidei
Familie: Havmusfamilien Chimaeridae
Slekt: Chimaera
Art: Havmus C. monstrosa
Vitskapleg namn
Chimaera monstrosa

Havmus, havkatt, hågylling eller gullhå (Chimaera monstrosa) er ein bruskfisk i havmusfamilien, den einaste i familien som finst i norske farvatn. Havmusa vert opptil 1,5 kilogram tung og 1,5 meter lang, halen medrekna. Ho finst oftast på ei djupn mellom 300 og 500 meter.[1]

Havmus fiska i Sogn. Det lokale namnet er hågylling (haogydling).

Den sørlege utbreiinga til havmusa inkluderer havet utanfor Nordvest-Afrika og delar av Middelhavet. Nordover finst havmusa nordaust i Atlanterhavet: vest for Dei britiske øyane og nordvestetter mot Island, og langs heile norskekysten og nordvestetter mot Svalbard.[1]

Havmus har eit framtredane hovud. Kroppen smalnar bakover. Auget er stort. Havmusa lever av muslingar, slangestjerner, krepsdyr og småfisk. På ryggfinna er det ein pigg forbunde med ein giftkjertel.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Havmus» - Havforskingsinstituttet

Bakgrunnsstoff endre