Bryne stadion

(Omdirigert frå Bryne Stadion)

58°43′47.161″N 5°38′59.183″E / 58.72976694°N 5.64977306°E / 58.72976694; 5.64977306

Bryne Stadion

Adresse Industrivegen
4340 Bryne
Eigar Bryne Fotballklubb
Drift Bryne Fotballklubb
Brukarar Bryne Fotballklubb (fotball)
Underlag Gras
Banestorleik Lengd: 105 m
Breidd: 67 m
Kapasitet ca. 10 000
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1946
Stengd

Bryne stadion er ein idrettsarenaBryne. Som fotballstadion er stadionet heimebana til Bryne fotballklubb. Kring fotballbana er det område for friidrett.

Stadionet har ein kapasitet på ca. 10 000, der 2 507 av dette er sitteplasser.[1] Publikumsrekorden er frå 1977, då 14 500 personar såg ein kamp mot Viking FK.

Grasmatta er blitt omlagt tre gonger, i 1960, 1988 og 1998. Lengda på grasmatta er 105 meter, og breidda er 67 meter.

Utbyggingsplanar

endre

Frå 2005 planla klubben og investorar eit nytt stadion med namn Jæren Arena, med 8146 seter samt 390 VIP-seter. Alle sitteplassane skulle bli under tak og anlegget skulle koste cirka 150 millionar kroner. Arkitektkontoret Link signatur teikna stadionskissa.

Planane om Jæren Arena vart skrinlagt i mai 2008 pga. for høge konstnader.[2][3]

Kjelder

endre
  1. Brynefk.no: Bryne stadion, arkivert frå originalen 18. september 2008, henta 22. mai 2013 
  2. Aftenbladet.no: Jæren Arena sprakk med 50 millioner, arkivert frå originalen 24. juni 2008, henta 22. mai 2013 
  3. NRK Rogaland: Dropper Jæren Arena

Bakgrunnsstoff

endre