Bu Tinah (arabisk بوطينة, Būṭīnah) er ei lita øygruppe mellom store korallformasjonar og sjøgrasbotn kring 25 km sør for Zirku og 35 nord for Marawah i Dei sameinte arabiske emirata.[1] Dei ligg i farvatnet utafor Abu Dhabi og er verna som eit privat naturreservat. Bu Tinah-øya har eit rikt biologisk mangfald og ligg i Marawah marine biosfærereservat som dekkjer eit område på meir enn 4 000 km². Biosfærereservatet er det første og største som er innskrive på lista til UNESCO. Det har vore ein UNESCO-stad sidan 2001.[2] Området er stengd for folk, fiske og samling av skjelpaddeegg, og området vert overvaka av patruljar.

Bu Tinah
øygruppe
Flyfoto av Bu Tinah utafor kysten av Abu Dhabi
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 24°36′N 53°04′E / 24.600°N 53.067°E / 24.600; 53.067
Kart
Bu Tinah
24°36′06″N 53°04′49″E / 24.60166667°N 53.08027778°E / 24.60166667; 53.08027778

Bu Tinah er i røynda ei gruppe av holmar og grunner, som nesten vert ei enkel øy ved lågvatn. Hovudøya har ein grunn laguneopning i sør der ein finn noko mangroveskog. Fuglar som sokotraskarv lever her. Det finst òg friske korallrev her med så mange som 16 korallartar. Revet veks i tilhøve som ville teke livet av korallartar i andre delar av verda. Farvatnet i Persiabukta er av det saltaste i verda, i tillegg til å vera blant dei varmaste. Korallane lever normalt i vatn mellom 23 °C og 28 °C, men utafor Emiratkysten er temperaturane så høge som 35 °C om sommaren.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre