Emona Anchorage
Emona Anchorage (Zaliv Emona) er ei bukt i den indre delen av South Bay på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis som vert nytta som ankringsplass for skip som vitjar den bulgarske basen St. Kliment Ohridski. Ho ligg mellom Hespérides Point og Smolyan Point og er over 100 meter djup på det djupaste.
Emona Anchorage | |||
bukt | |||
Emona Anchorage frå Lyaskovets Peak i Tangra Mountains.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°37′35″S 60°22′20″W / 62.62639°S 60.37222°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Emona Anchorage 62°37′35″S 60°22′20″W / 62.6264°S 60.3722°W | |||
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Emona er namnet på ein landsby og eit nes, Emine, langs kysten av Svartehavet i Bulgaria.