Ein bulle er eit dokument, særleg eit pavebrev, skrive på latin og som regel kalla opp etter dei første orda i teksten. Omgrepet vart opphavleg nytta om metallsegl som heng ved dokument i mellomalderen, seinare om metallkapselen til seglet, og til slutt sjølve dokumentet. Seglet er gjerne av bly, stundom gull, og er pryda med kross og namnet på paven. Frå kring 1100 var i tillegg hovuda til Peter og Paulus avbilda, men frå 1500-talet er det våpenet til paven. Den eldste bevarte bullen er eit paveleg privilegium for Ravenna frå 819. I dag vert ikkje dei pavelege embetsskriva kalla bullar.

Paveleg bulle av pave Urban VIII, 1637, med eit segl av bly.

Det vert skild mellom små og store bullar. Sistnemnde markerer ofte viktige historiske hendingar. I Unam sanctam frå 1302 mot Filip den smukke fastslår pave Bonifatius VIII verdsherredømet til paven. Pave Leo X hevda i Pastor aeternus frå 1516 overhøgheita til paven over kyrkjemøta. I 1520 lyste Leo X Martin Luther i bann gjennom bullen Exurge Domine. Då Luther kasta denne bullen på bålet den 10. desember 1529 var brotet med pavekyrkja fullbyrda. Pave Klemens XI fordømde i 1713 jansenismen i Unigenitus. Denne bullen vert rekna som ein av dei mest lagnadstunge i historia til pavedømet.

Ei bullesamling vert kalla eit bullarium.

Kjelder endre