Girls! Girls! Girls! av Elvis Presley
Girls! Girls! Girls! Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. november 1962 | |
Innspelt | Mars 1962 | |
Sjanger | Pop, rock | |
Lengd | 29:04 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Joseph Lilley | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Pot Luck (1962) |
Girls! Girls! Girls! | It Happened at the World's Fair (1963) |
Singlar frå Girls! Girls! Girls! | ||
|
Girls! Girls! Girls! er det 16. albumet til Elvis Presley, gjeven ut på RCA Victor Records i mono og stereo, i november 1962. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood 26. til 28. mars 1962. Det nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA. Albumet selde til gullplate den 13. august 1963 hos Recording Industry Association of America.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Innhald
endreSidan filmmusikkalbum til Presley selde langt betre enn dei vanlege albuma (Blue Hawaii selde ti gonger så mykje som Pot Luck with Elvis) vart Presley nøydd til å skrive songar forma for lett underhaldning og filmar med vakre bakgrunnar og vakre kvinner.[3] Filmmusikken fekk derfor fokus frå og med dette albumet.
Det vart spelt inn seksten songar under innspelinga i mars, der 13 av dei hamna på filmmusikkalbumet.[4] Sidan Jerry Leiber og Mike Stoller vart avvist etter å ha hamna på kant med the Colonel, måtte songane dei skreiv for dette albumet alt ha blitt skrivne før den tid. Det same vart The Coasters-hitten frå 1961 som Presley spelte inn for filmen.[5] Denne songen og to andre, «Return to Sender» og «Because of Love», finst på samlealbumet Command Performances: The Essential 60's Masters II frå 1995.
Songane «Return to Sender» og «Where Do You Come From» vart gjevne ut på singel i oktober 1962, ein månad før albumet kom. «Return to Sender» vart ein stor hit for Presley og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, medan B-sida, «Where Do You Come From», nådde 99. plassen.[6]
Selskapet Follow That Dream gav ut ein utvida versjon av albumet i 2007, med alternative opptak og songar som ikkje hamna på det originale albumet.[7]
Innhald
endreOriginal release
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Girls! Girls! Girls!» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 27. mars 1962 | 2:34 |
2. | «I Don't Wanna Be Tied» | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | 28. mars 1962 | 2:08 |
3. | «Where Do You Come From» | Ruth Bachelor og Bob Roberts | 27. mars 1962 | 2:08 |
4. | «I Don't Want To» | Janice Torre og Fred Spielman | 26. mars 1962 | 2:42 |
5. | «We'll Be Together» | Charles O'Curran og Dudley Brooks | 28. mars 1962 | 2:17 |
6. | «A Boy Like Me, A Girl Like You» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 27. mars 1962 | 2:20 |
7. | «Earth Boy» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 28. mars 1962 | 2:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Return to Sender» | Otis Blackwell og Winfield Scott | 27. mars 1962 | 2:09 |
2. | «Because of Love» | Ruth Bachelor og Bob Roberts | 27. mars 1962 | 2:34 |
3. | «Thanks to the Rolling Sea» | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | 26. mars 1962 | 1:31 |
4. | «Song of the Shrimp» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 27. mars 1962 | 2:21 |
5. | «The Walls Have Ears» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 27. mars 1962 | 2:32 |
6. | «We're Comin' In Loaded» | Otis Blackwell and Winfield Scott | 26. mars 1962 | 1:24 |
Follow That Dream-utgåva
endre
|
|
Medverkande
endre- Elvis Presley – vokal
- The Jordanaires – vokal
- The Amigos – korvokal (på «We'll Be Together»)
- Boots Randolph – saksofon, klarinett
- Scotty Moore, Barney Kessel – elektrisk gitar
- Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Robert Bain, Alton Hendrickson – gitarar (på «We'll Be Together»)
- Dudley Brooks – piano
- Harold Brown – orgel (på «Thanks to the Rolling Sea»)
- Ray Seigel – kontrabass
- D.J. Fontana, Hal Blaine, Bernie Mattinson – trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Girls! Girls! Girls! (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 27. november 2016. Merk: Søk for "Girls, Girls, Girls"
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; pp. 164-165, 172.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 169-170.
- ↑ Jorgensen, op. cit., p. 173.
- ↑ Jorgensen, op. cit., p. 415.
- ↑ «Girls! Girls! Girls!». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 27. november 2016.