Burning in the Heat of Love

Burning in the Heat of Love
Singel av Slade
B-side

Ready Steady Kids

Utgjeve 15. april 1977[1]
Sjanger Hardrock
Lengd 3:50
Selskap Barn Records
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«Gypsy Roadhog»
(1977)
Burning in the Heat of Love «My Baby Left Me but That's Alright Mama»
(1977)


«Burning in the Heat of Love» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1977 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler.[2] Songen gjekk ikkje inn på den britiske singellista.

Singelen kom ut i april 1977, mindre enn ein månad etter albumet Whatever Happened to Slade kom ut. Songen var blitt spelt inn i mars,[3] og kom ut før bandet starta turneen sin i Storbritannia i mai.[4][5]

B-sida til singelen var «Ready Steady Kids», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides i 2007.

FormatEndra

7"-singel
  1. «Burning in the Heat of Love» - 3:50
  2. «Ready Steady Kids» - 3:57

Andre versjonarEndra

  • I løpet av 1979-80 ville Jim Lea spela inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Denne versjonen av songen, berre kreditert 'Jim Lea', kom først ut i 1985 på den britiske/tyske samleplata for ymse artistar kalla Metal Killers Kollection.[6] Versjonen vart seinare gjeven ut på A Day in the Life of the Dummies frå 1992, som samla innspelingane deira.[7]
  • I 1983 gav det britiske heavy metal-bandet Girlschool ut sin eigen versjon av songen på dei fjerde studioalbuma deira Play Dirty. Heile albumet vart produsert av Holder og Lea, og ein annan Slade-cover, «High and Dry», vart òg med på albumet.[8] Girlschool gav ut sin versjon på singel i januar 1984, men han gjekk ikkje inn på singellista.[9]

MedverkandeEndra

Slade
Andre medverkande

KjelderEndra

  1. http://www.45cat.com/record/2014106
  2. «Slade - Burning In The Heat Of Love (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  3. «Don's 1977 Diary - Don Powell Official Website». Donpowellofficial.com. Henta 21. juli 2017. 
  4. «Don's Gigs 1971 - 1991 - Don Powell Official Website». Donpowellofficial.com. Henta 21. juli 2017. 
  5. «Cuttings 1977». Slade Scrapbook. Henta 13. oktober 2021. 
  6. «Various - Metal Killers Kollection (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  7. «The Dummies (3) - a day in the life of The Dummies (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 12. oktober 2021. 
  8. «Girlschool - Play Dirty at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  9. «Girlschool - Burning In The Heat / Surrender - Bronze - UK - BRO 176». 45cat. Henta 13. oktober 2021.