Whatever Happened to Slade

Whatever Happened to Slade
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 21. mars 1977
Sjanger Hardrock, glamrock
Lengd 40:40
Selskap Barn
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Nobody's Fools
(1976)
Whatever Happened to Slade Slade Alive, Vol. 2
(1978)


Singlar frå Whatever Happened to Slade
  1. «Gypsy Roadhog»
    Utgjeve: January 1977

Whatever Happened to Slade er det sjuande studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 21. mars 1977 på Barn Records, men gjekk ikkje inn på den nasjonale albumlista. Då albumet kom ut var populariteten til Slade dalande, til liks med platesalet deira, noko dei anerkjente i tittelen til albumet. Glamrockrørsla, som Slade vart assosiert med, hadde døydd ut, og karrieren til andre glamrockartister som Mud, Gary Glitter og Sweet hadde òg døydd. I Storbritannia, der Slade tradisjonelt hadde vore mest populær, var dagens mote punkrock. Med dette albumet stod Slade godt fast som ei streit rockegruppe, og glam-uttrykket deira frå tidlegare på tiåret var borte.[1]

Albumet vart møtt med god omtale og støtte frå det engelske punkopprøret. Plata var likevel ein kommersiell fiasko, og dei økonomiske problema til bandet fortsette. I mange år var albumet eit ettertrakta samlarobjekt blant fansen. Likevel er albumet tilgjengeleg i dag på ei CD-utgåve frå 2007 og digitalt. I seinare år vart albumet ein populær handel blant amerikanske musikarar som utvikla det som ville bli kjent som «grunge» sidan både Billy Corgan (Smashing Pumpkins) og Kurt Cobain (Nirvana) omtalte albumet som ein inspirasjon på dei. Albumet vart kåra til det beste av dei tre beste Slade-albuma i Slade Fan Club Poll i 1979.[2][3]

Bakgrunn endre

I 1975 følte Slade at den kommersielle suksessen deira hadde toppa seg i Storbritannia og Europa. Etter forslag frå manageren Chas Chandler gjekk bandet med på å flytta til USA, det einaste store territoriet som bandet enno ikkje hadde slått gjennom. Bandet heldt ut i USA i nesten to år, og spelte inn det soul-påverka albumet Nobody's Fools (1976). Sjølv om bandet ikkje oppnådde mykje radiospeling og platesal i USA, vart ryktet deira som eit påliteleg og spennande konsertband forbetra og bandet kjende seg foryngde.[1]

Slade kom tilbake til Storbritannia i august 1976 for å møta store endringar i den britiske musikkbransjen frå då dei hadde reist. Punkrocken hadde no eksplodert og vorte den dominerande innverknaden på ungdomskulturen og musikkpressa. Trass i ryktet til Slade som eit av dei store høgenergibanda i si tid, hadde Slade vorte irrelevant i dette miljøet. Uansett var Slade fast bestemt på at dei no var eit betre konsertband enn nokosinne og nekta å kaste inn handkledet. Bandet byrja å spela inn det sjuande studioalbumet sitt i august.[4] I følgje Slade Fan Club håpte bandet på å spela inn totalt 16 spor og velja det beste å gje ut på albumet.[5][6]

I januar 1977 gav bandet ut den einaste singelen frå det kommande albumet «Gypsy Roadhog». Etter å ha framført songen i barne-tv-programmet Blue Peter, førte likevel klager om stoffreferansane i songen til at BBC forbaud plata. Som eit resultat stoppa singelen på 48. plassen på singellista. Whatever Happened to Slade kom ut i mars, men klarte ikkje å gå inn på albumlista.

Bassisten Jim Lea sa om albumet i biografien Feel the Noize frå 1984: «Det var eit heavy metal-album. Det var ein feil og eg var imot den tittelen.»[7] Hovedvokalist Noddy Holder sa i biografien sin frå 1999 Who's Crazee Now?: «Whatever Happened to Slade var mykje meir rocka enn Nobody's Fools. Det var ein retur til den originale stilen vår».[8] I eit intervju frå 2009 som svarte på fanspørsmål, vart trommeslagaren Don Powell spurt kva Slade-album han ville tilråda til ein ny lyttar som det «definitive studioalbumet av Slade». Han sa: «Whatever Happened to Slade fordi vi på det bestemde tidspunktet ikkje hadde noko å tapa.»[9]

Under eit spørsmål og svar-arrangement i 2017 med Lea i klubben Robin 2, snakka Lea om albumet: «Whatever Happened to Slade-albumet kom ut av oss på turné i Amerika. Det var mange band der borte som hadde fått denne gitaridentiteten. Det var Allman Brothers med Duane Allman, det var ZZ Top som følgde med, og gitaristen var ein stor ting. Så vi byrja å komma med Whatever Happened to Slade, og eg syntest det var viktig at vi hadde gitarsoloar. Eg arbeidde på dei, og så gjekk vi gjennom det. Dave spelte alt på plata.»[10]

Musikk endre

Etter den varierte stilen deira på førre album, Nobody's Fools (1976), som inneheldt ein «californisk» lyd og påverknader frå soulmusikk,[11] presenterte Whatever Happened to Slade ein «streit» rockestil, ein stil som ville ha slått albumet ned i den punkrock-fokuserte britiske musikkindustrien på denne tida hadde det hatt meir suksess. AllMusic noterte òg at albumet høyrdest ut som tidlig Kiss, men noterte «det er likevel framleis rein Slade.[12] Dei noterte òg at «songane og spelinga [på albumet] er ganske ute av synet, med monsterriff og ein annan produksjonsstil».[12]

Det første sporet på albumet, «Be», vart populært på konsertane til Slade, og kom ut på det neste konsertalbumet deira Slade Alive, Vol. 2 (1978). For nyhendebrevet til ein fanklubb i 1979, snakka bassisten Jim Lea om sporet og sa «songar som 'Be' er lite konsise, dei er smarte, men ikkje den typen allsong ein høyrer nede på puben.» [13] AllMusic skildra songen som «ulik alle andre bandet hadde gjort».[12]

«Gypsy Roadhog», singelen frå albumet, er ei forteljing om ein amerikansk kokainlangar. Songen hadde spor av countryrock, inspirert av turneen til Slade i Amerika. «One Eyed Jacks with Mustaches» vart populær på konsertane til Slade og kom ut på konsertalbumet Slade Alive, Vol. 2 (1978). AllMusic sa at songen «høyrest ut som klassisk Slade, men nok ein gang ville radio ikkje røra han.»[12] «Dead Men Tell No Tales» har eit lågare tempo og ein tekst basert på gangsterfilmen White Heat frå 1949, med James Cagney i hovudrolla.[13][14]

Utgjeving endre

 
Slade opptredde i Sverige i april 1977, ein månad etter utgivinga til albumet.

Det hadde ikkje vore noko ny utgjeving frå Slade sidan singelen «Nobody's Fool» hadde kome frå albumet Nobody's Fools i april 1976 til kommersiell fiasko. Den nesten utgjevinga frå Slade var singelen «Gypsy Roadhog» i 1977. Etter at singelen vart utestengd og stoppa på UK Singles Chart, hadde ikkje albumet som følgde så store kommersielle sjansar etter det. Tittel kom frå Chandler etter eit stykke graffiti oppdaga malt på ein bru i London, Whatever Happened to Slade, medan det var meint som ein trassig, ironisk kommentar om fråværet deira frå Storbritannia, vart meir truleg mottatt som ei virtuell innrømming om at bandet ikkje lenger var like populære som før, og få menneske, bortsett frå kanskje berre ein brøkdel av den gamle fanskaren deira, var i humør til å motsei dei.[12]

Whatever Happened to Slade vart ikkje spelt på radio og fekk veldig lite presseomtale. Det klarte ikkje å gå inn på albumlista nokon stad, inkludert UK Albums Chart, og vart det dårlegaste selde plata til bandet til då. Dei få trufaste som tok seg bryet vart likevel overraska over plata. Det vart skildra som «den tyngste, skitnaste (i alle forstand), mest dekadente Slade-musikken nokosinne laga», og at plata fekk «Gypsy Roadhog» til å høyrast ut som «The Teddy Bear's Picnic» og det vart Slade-favoritten til mange kjennarane av alle albuma deira.[15] Det var òg innverknadsrikt på grunge- og alternativ rocke-sjangrane, og både Billy Corgan frå The Smashing Pumpkins og Kurt Cobain frå Nirvana omtalte albumet som ein inspirasjon.

Albumet vart ommastra av Tim Turan på Turan Audio for CD-utgjeving i 2007 på Salvo Records, eit dotterselskap av Union Square Productions, som ein del av ein serie nyutgjevingar av Slade, kjend som «Feel the Noize»-ommastringane. Platenotata i den nye utgåva skildra albumet som «undervurdert».[1]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [16]
Classic Rockpositiv
Fairbanks Daily News-Minerpositiv[17]
Get Ready to Rock!     [18]
New Musical Express     [19]
Record Mirror     [19]

Etter utgjevinga meinte Sheila Prophet i Record Mirror at albumet var «verd å gje ein snurr». Ho meinte at dei fleste spora var «solide, rockande nummer», men ikkje så «særeigne» som dei tidlegare hittane deira. Ho la til: «Ein del av problemet er at dei ser ut til å prøva for hardt - å legg alt på, i staden for å halda fast i enkelheita. Røysta til Noddy høyrest framleis flott ut, og Dave leverer ein ganske fin gitar, men det er berre for mykje av alt.» Pete Makowski frå New Musical Express skildra albumet som «høg energi på ein primitiv skala», med «sterke melodiar», «mange potensielle singlar» og «interessante» tekstar.[19] Tony Ciarochi frå Fairbanks Daily News-Miner sa at albumet «definitivt slår hardt», og viser «ganske grunnleggande rock 'n' roll», men med «britisk humor og sarkasme», noko som gjer det til ei «forfriskande endring frå den meir inkjeseiande sleggerocken som dominerer i Amerika.»[17]

Geoff Ginsberg frå AllMusic meinte at albumet hadde «litt av Hotter Than Hell, den tidlege Kiss-stilen», men var «framleis rein Slade». Han skildra songane som å ha «monsterriff og ein annan produksjonsstil», og konkluderte med «dette er ei flott plate».[16] Joe Geesin frå Get Ready to Rock! sa at albumet i stor grad fjerna «glam og det som var kitsch» med «røff Slade-aktig rock'n'roll», og la til «det er noko flott, røff gitar her».[18] I 2010 vurderte Classic Rock albumet som «overlegent: rykte-sementerande» og skreiv: «Whatever Happened to Slade tempererer dei etablerte kvalitetane deira med rettferdig indignasjon.» Colin Harper frå Record Collector følte at albumet «viste musklar», hadde amerikansk stadionboogie som «hovudinnverknad» og inneheldt «dei minst sjarmerande tekstane» til Holder.[20]

I 2016 rangerte Nicholas Pell frå LA Weekly albumet som nr. 14 på lista «20 Greatest Classic Rock Albums». Han oppsummerte: «Dette er ikkje berre malen for grunge, det er alt som er godt i hårmetall 10 år for tidleg.» Han la til at «Gypsy Roadhog» og «One Eyed Jacks With Mustaches» som «uomstridelege rockarar», medan han følte at «Dogs of Vengeance» er «det som manglar frå klassisk rockradio».[21]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea, utanom «My Baby Left Me: That's Alright» av Arthur Crudup.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Be»3:59
2.«Lightning Never Strikes Twice»3:08
3.«Gypsy Roadhog»3:23
4.«Dogs of Vengeance»2:48
5.«When Fantasy Calls»3:23
6.«One Eyed Jacks With Moustaches»3:20
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Big Apple Blues»4:38
8.«Dead Men Tell No Tales»3:38
9.«She's Got the Lot»4:34
10.«It Ain't Love But It Ain't Bad»3:09
11.«The Soul, the Roll and the Motion»4:36
Bonusspor på Salvo-utgåva frå 2007
Nr.TittelLengd
12.«Forest Full of Needles» (B-side til «Gypsy Roadhog»)3:30
13.«Burning in the Heat of Love» (1977 singel utan album)3:36
14.«Ready Steady Kids» (B-side til «Burning in the Heat of Love»)3:22
15.«My Baby Left Me: That's Alright» (1977 singel utan album)2:24
16.«O.H.M.S.» (B-side til «My Baby Left Me»)2:41
17.«Give Us a Goal» (1978 singel utan album)2:50
18.«Daddio» (B-side til «Give Us a Goal»)2:34
19.«Rock 'n' Roll Bolero» (1978 singel utan album)4:06
20.«It's Alright Buy Me» (B-side til «Rock 'n' Roll Bolero»)3:23

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande
  • Chas Chandler - produsent
  • Paul Hardiman - lydteknikar
  • Gered Mankowitz - fotografi
  • Wade Woode Associates - kunst
  • Jo Mirowski - kunstnarisk leiar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 CD-heftet til Whatever Happened to Slade - 2007 Salvo
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 29. juli 2011. 
  3. Slade Fan Club Magazine January–Februar 1980
  4. «Don's 1976 Diary - Don Powell Official Website». Donpowellofficial.com. Henta 12. oktober 2021. 
  5. [1]
  6. Slade Fan Club Newsletter October–November - Desember 1976
  7. Charlesworth, Chris (1984). Slade, Feel the Noize!: an illustrated biography. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-0538-X. 
  8. Verrico, Lisa; Holder, Noddy (15. desember 2010). Who's Crazee Now?: My Autobiography - Lisa Verrico, Noddy Holder - Google Books. ISBN 9781446407431. Henta 12. oktober 2021. 
  9. «Don Powell interviews». Donpowellinterviews.blogspot.co.uk. Henta 12. oktober 2021. 
  10. marklion (9. november 2017). «Jim Lea Q & A at The Robin 2. november 5 2017 Part 3» – via YouTube. 
  11. «Nobody's Fools - Slade | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 13. oktober 2021. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 «Whatever Happened to Slade? - Slade | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 13. oktober 2021. 
  13. [2]
  14. Slade International Fan Club newsletter July–August - September 1988
  15. «Slade 1977 Whatever Happened To Slade». My-rock-music.ru. Arkivert frå originalen 15. mars 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  16. 16,0 16,1 AllMusic Review by Geoff Ginsberg. «Whatever Happened to Slade? - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 12. oktober 2021. 
  17. 17,0 17,1 Fairbanks Daily News-Miner newspaper - Records by Tony Ciarochi - 20. august 1977
  18. 18,0 18,1 «Get Ready to ROCK! Review of CD album resissues by rock band Slade called Whatever Happened To Slade?,We'll Bring The House Down,Till Deaf Do Us Part». Getreadytorock.com. Henta 12. oktober 2021. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «1977 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 25. juni 2021. Henta 12. oktober 2021. 
  20. «Whatever Happened To Slade? / We'll Bring The House / Till Deaf Do Us Part - Record Collector Magazine». Recordcollectormag.com. 26. mai 2011. Henta 12. oktober 2021. 
  21. Facebook Twitter email Print Article AA (16. juni 2016). «Best Classic Rock Albums». L.A. Weekly. Henta 12. oktober 2021.