Burrow Head
Burrow Head er det sørlegaste punktet på Macharshalvøya sørvest i Skottland.
Det ligg om lag 3 km sørvest for Isle of Whithorn i Wigtownshire og er det nest sørelgaste punktet i Skottland etter Mull of Galloway.
St. Ninian's Cave ligg om lag 3 km lenger nordvest langs kysten. Det er ein viktig pilegrimsstad for dei som meiner at St. Ninian trekte seg attende til denne grotta.
Den isolerte plasseringa til Burrow Head gjorde at det vart nytta til smugling på 1700-talet til og fra Isle of Man (24 km sørover) og Irland. I nyare år har Burrow Head vorte kjend som lokasjon for filmen The Wicker Man frå 1973. I dag dekkjer ein campingvognpark det meste av Burrow Head.
Bakgrunnsstoff
endre- St. Ninian's Cave Arkivert 2007-08-12 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Burrow Head» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2010.