Bursa er ein by nordvest i Tyrkia. Han er den fjerde største byen og eit av dei mest industrialiserte byområda i landet. Byen har 1 704 441 innbyggjarar (2011), medan storbyområde har opp under to millionar innbyggjarar. Han ligg 100 km sør for Istanbul og 20 km frå Marmarasjøen.

Bursa
by
Statue av Atatürk og guvernementet Bursa
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Bursa
Høgd 100 moh.
Koordinatar 40°11′N 29°04′E / 40.183°N 29.067°E / 40.183; 29.067
Areal 1 036 km²
Folketal 1 704 441 [1][2]
 - storby 1 948 744
Folketettleik 1 645 / km²
Grunnlagd 202 fvt.
Borgarmeister Recep Altepe
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 1600
Retningsnummer (+90) 224
Kart
Bursa
40°11′29″N 29°04′50″E / 40.191330555556°N 29.080538888889°E / 40.191330555556; 29.080538888889
Wikimedia Commons: Bursa
Nettstad: www.bursa.bel.tr

Bursa var hovudstad i Det osmanske riket mellom 1326 og 1365. Byen vart omtalt som «Hüdavendigar» (tyder «Guds gåve») i den osmanske perioden, medan Yeşil Bursa (som tyder Grøne Bursa) er eit nyare kallenamn som syner til alle parkane og hagane som ligg i byen, samt dei store skogane i området kring. Bursa vart kalla Prusa i antikken og var hovudstaden i Bithynia (300-talet fvt.).

Byen er synonym med fjellet Uludağ som ligg nær byen og som har eit kjent skisenter. Mausoleuma til tidlege osmanske sultanar ligg i Bursa og dei mange byggverka bygd gjennom den osmanske perioden er av dei største landemerka i byen. Den frodige sletta kring byen, varmekjeldene, fleire museum, mellom anna eit rikt arkeologimuseum, og ein velordna urban vekst dannar resten av biletet av Bursa.

Figurane Karagöz og Hacivat frå eit skuggespel var historiske personar som levde og er gravlagde i Bursa. Bursa er òg opphavsstaden til kjende tyrkiske matrettar som İskenderkebab, særleg kandiserte kastanjar, ferskenar og lokum.

Uludağ universitet ligg i Bursa. Innanfor provinsen Bursa ligg byane İznik (Nikea), Mudanya og Zeytinbağı som er kjende for den lange historia si og viktige monument.

Klima endre

Bursa ligg i grenseområde mellom middelhavsklima og fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Csa/Cfa). Bursa har varme, fuktige somrar, som varer frå juni til september. Vintrane er kalde og fuktige og den mest regnfulle tida av året. Det kjem stundom snø som ligg på bakken i ei veke eller to. I fjellområda, særleg Uludağ, er det frost og snø kvar vinter, men om sommaren er det behageleg temperatur i fjella.

Vêrdata for Bursa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,2 26,9 30,6 34,6 35,9 41,3 43,8 41,2 38,9 37,3 28,5 27,3 43,8
Gjennomsnittleg maks °C 9,6 10,7 13,8 18,9 23,8 28,5 30,8 30,7 27 21,6 15,9 11,2 20,2
Gjennomsnittleg min °C 1,6 2,1 3,7 7,3 11,2 15,1 17,4 17,3 13,6 10,1 5,7 3,3 9
Lågast målte °C −11,8 −16,4 −8 −3,1 1,6 5,2 9,6 10,1 5 0,2 −4,4 −8,4 −16,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 79,5 72,2 66,8 65,6 44,6 34,6 17,7 18,9 43,2 75,3 83,2 100,9 702,5
Gns. luftfukt (%) 75 75 75 72 72 67 65 65 67 73 75 76 71
Gns. solskinstimar i månaden 96,1 89,6 130,2 168 251,1 303 334,8 306,9 234 167,4 120 89,9 2 291
Kjelde: Den tyrkiske statlege meteorologitenesta[3]

Bilete frå Bursa endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre