Torbjørn Falkanger

Torbjørn Getz Falkanger (8. oktober 192716. juli 2013) var ein norsk skihoppar, fødd i Strinda i Sør-Trøndelag. Han vann sølvmedaljen i hopprennet under Vinter-OL 1952 i Oslo. Med startnummer 38 av dei 44 deltakarane hoppa han i fyrste omgang 68 meter og leia med eitt poeng på Arnfinn Bergmann. Men i andre omgangen landa han på 64 meter, eit hopp som gjorde at han hamna 4,5 poeng bak Bergmann, som hadde hoppa på eit tidleg startnummer. Under opninga av vinterleikane avla Falkanger den olympiske eiden.

Torbjørn Falkanger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1927
Trondheim
Død

16. juli 2013 (85 år)
Trondheim

Yrke skihoppar, forretningsdrivande
Torbjørn Falkanger på Commons

Falkanger vart noregsmeister i skihopp tre gongar; 1949, 1950 og 1954. I tillegg tok han sølv i 1952 og bronse i 1953. Sesongane 1949 og 1950 vann han også hopprennet i Holmenkollen. Under VM i 1950 i Lake Placid kom han på femteplassen. I det neste VM på ski, i Falun 1954, vart han nummer seks.

Falkanger var medlen av Byåsen IL, og vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1953.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1948: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1949: Vinnar av Hollmenkollrennet
  • 1950: Vinnar av Hollmenkollrennet. Nr 5 i VM i Lake Placid
  • 1952: Sølvmedalje i OL i Holmenkollen
  • 1953: Nr 3 i Hollmenkollen
  • 1954: Nr 6 i VM i Falun
  • 1955: Nr 2 både i Holmenkollen og i Svenska skidspelen i Nässjö

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 1949: Gullmedalje
  • 1950: Gullmedalje
  • 1952: Sølvmedalje i Porsgrunn
  • 1953: Bronsemedalje
  • 1954: Gullmedalje på Kongsvinger
  • 1955: Nr 4 på Voss

Et par månader føre Vinter-OL 1956 fall Falkanger i Holmenkollen og pådrog seg ein skade som sette stoppar for hans tid som aktiv skihoppar.

Kjelder endre

  • P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957
  • Bokmålwikipedia