Bylina (russisk были́на; fleirtal были́ны byliny) er ein type russisk helteepos frå mellomalderen som har mytologiske element. Bylina har ikkje rim, men har ein karakteristisk rytme som former ein slags frie vers. Ein av dei best kjende bylinaen er Igorkvadet. Eposa blei tekne vare på gjennom munnleg overlevering.[1] Dei fleste bylina overlevde som allmugetradisjon i dei nordlege delane av Russland, og dei er blitt etterlikna av fleire seinare russiske diktarar.

Bylinahelten Mikhailo Potyk framstilt av Ivan Bilibin.

Dei eldste verka tek for gullalderen til Kievriket frå 900-talet og dei følgjande hundreåra. Dei krinsar om Vladimir den store og folka rundt han, med heltar som kosakken Ilja av Murom. Seinare soger kan ha innhald frå tida under Ivan den grufulle eller Peter den store, eller handla om opprørsheltar som Stenka Razin og Pugatsjov. På 1900-talet blei det laga eit bylina med handling frå den russiske revolusjonen, 'Soga om Lenin'.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Bylina (Russian Poetry). Encyclopædia Britannica. Henta 5. desember 2010.