Byrrangafjella (russisk Горы Бырранга, Gory Byrranga) er ei fjellkjede midt på Tajmyrhalvøya i Sibir i Russland, som ligg nord og vest for Tajmyrsjøen. Dei strekkjer seg om lag 1100 km og dannar ein stor sving som går om lag frå sørvest til nordaust. Byrrangafjella består av silstein og intrusive bergartar av nøytral samansetting, men det er òg store område med kalkstein. Fjellkjeda har djupare kløfter og raviner, samt nokre få, små isbrear i aust. Fjella er ikkje særskild høge, om lag 500 meter over havet, men den høgaste toppen strekkjer seg opp til 1146 meter over havet.

Byrrangafjella
fjellkjede
Land  Russland
Kart
Byrrangafjella
74°29′16″N 96°01′43″E / 74.487777777778°N 96.028611111111°E / 74.487777777778; 96.028611111111

Elvane Khutadabiga og Tsjetyrekh har kjeldene sine i Byrrangafjella. Den nedre delen av Taymyrelva renn nordover gjennom fjella. Låglanda nord og sør for desse fjella er dekte av tundra, små innsjøar og våtmarker.

Sjølv om dei vart utforska i 1746 er Byrrangafjella eit av dei minst kjende områda i Arktis. Klimaet er kontinentalt og hardt med mange snøstormar om vinteren.

Fjellet ligg i Krasnojrask kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa. Området er derimot særs fjerntliggande, med nesten ingen busetnader eller vegar.

Kjelder endre

76°00′N 108°00′E / 76.000°N 108.000°E / 76.000; 108.000