Tajmyrsjøen
Tajmyrsjøen (russisk Таймыр, Таймырское озеро) er ein innsjø sentralt på Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland. Han ligg sør for Byrrangafjella og har mange armar som stikk ut i alle retningar. Han er om lag 165 km lang frå aust til vest og opp til om lag 23 km brei i dei breiaste områda aust i innsjøen.
Tajmyrsjøen | |||
innsjø | |||
Tajmyrsjøen ligg midt på Tajmyrhalvøya
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo, Øvre Tajmyra | ||
Utløp | Nedre Tajmyra | ||
Lengd | 165 km | ||
Areal | 6 990 km² | ||
Middeldjupn | 2,8 m | ||
Tilfrosen | sein september til juni | ||
Koordinatar | 74°32′34″N 101°38′39″E / 74.54278°N 101.64417°E | ||
Tajmyrsjøen 74°32′00″N 101°38′00″E / 74.533333333333°N 101.63333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Taymyr |
Innsjøen er isdekt frå seint i september til juni. Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo og Øvre Tajmyra. Nedre Tajmyra renn vidare ut frå innsjøen. Sør for Tajmyrsjøen ligg mange mindre innsjøar.
Økologi
endreTajmyrsjøen er rik på fisk som ein typisk finn i kalde arktiske vatn, som smerling og muksun. Det er derimot noko overfiske på nokre av artane, trass i at området er avsidesliggande.
Ein har funne noko forureining av plutonium i sedimenta i Tajmyrsjøen. Dette kan vere partiklar som er ført med vinden frå atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja under den kalde krigen.
I august held vatnet ein temperatur på 7 °C, medan han berre så vidt er over 1 °C om vinteren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Taymyr» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- encyclopedia.com
- Informasjon om området med bilete[daud lenkje]
- Geologi og panteologi Arkivert 2007-11-18 ved Wayback Machine.
- Overfiske