Cézembre
Cézembre er ei øy i departementet Ille-et-Vilaine i Frankrike, like utanfor Saint-Malo. Øya er ikkje busett og har eit overflateareal på om lag 17 hektar, ei lengd på 750 meter og ei breidd på 250 meter.
Cézembre | |
---|---|
Cézembre sett frå avstand | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 48°40′36″N 2°4′38″W / 48.67667°N 2.07722°W
|
Areal | 0,18 km²
|
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Ille-et-Vilaine
|
Øya har ei fin sandstrand mot Saint-Malo i sør, og ein bratt og steinete kyst rundt resten av øya.
Cézembre var busett av fleire eremittar i fleire hundreår, og hadde ei stund eit kloster. Vauban bygde festningsverk på øya mot slutten av 1600-talet, og øya vart seinare nytta som ein stad for karantene.
Under den første verdskrigen oppretta den belgiske hæren eit disiplinærkompani på Cézembre. Under den andre verdskrigen vart festningsverket på øya forsterka av tyskarane som ein del av Atlanterhavsmuren. Under Operasjon Overlord sommaren 1944 vart den tyske garnisonen kraftig bombardert av artilleri på land, til sjøs og frå lufta, og nokre av dei første napalm-bombene vart nytta. Øya overgav seg i byrjinga av september 1944.
På grunn av den kraftige bombinga er landskapet til Cézembre bert og har framleis lite vegetasjon. Alle minene på øya er framleis ikkje fjerna, så det meste av øya bortsett frå stranda er ein zone interdit (forbode område).