Café de Cluny var ein kjend kafé i Paris på hjørnet Boulevard St Germain og Boulevard St. Michel i Latinarkvarteret. Kaféen var grunnlagd i 1869.

Raoul Ponchon teikna av han sjølv

Mange kjende kunstnarar og forfattarar som Paul Verlaine, Arthur Rimbaud, Arthur Koestler, Raoul Ponchon, Marguerite Duras, André Malraux, Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir var faste gjestar. Café de Cluny var favorittkaféen til Ernest Hemingway.

Om Raoul Ponchon er det skrive: «Han åt frukost alle dagar i veka på café de Cluny. Han kom att om ettermiddagen for å ta eit glas absint.»[1]

Ernest Delahaye måla Verlaine med eit glas absint sittande i kaféen i første etasje.

Møteplassen for desse var i andre etasje som såg meir ut som eit bibliotek enn ein restaurant. Filosofane møttest her kvar onsdag og forfattarane på laurdags morgon. I motsetnad Café Les Deux Magots og Café de Flore lenger ned i gata kunne dei møtest her utan at turistar sat og var nyfikne.

Kaféverten Jean-Marcel Toledo omtalte Café de Cluny som ein «litterær og filosofisk kafé».

Kaféen er no lagd ned (2010) og erstatta av ein pizza-restaurant.

Kjelder endre