Jean Calvin

(Omdirigert frå Calvin)

Jean Calvin (10. juli 150927. mai 1564) var ein fransk-sveitsisk kyrkjereformator fødd i Noyon i Picardie.

Jean Calvin

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike, République de Genève
Fødd 10. juli 1509
Noyon
Død

27. mai 1564 (54 år)
Genève

Yrke pastor, reformator, teolog, advokat, skribent
Språk latin, fransk, mellomfransk, tysk
Religion kalvinisme
Far Gérard Cauvin
Ektefelle Idelette av Bure
Jean Calvin på Commons

Han var påverka av Martin Luther. Calvin drog bort frå Frankrike i 1534 på grunn av at han vart forfølgt og oppheldt seg deretter hovudsakleg i Genève i Sveits, der han døydde i 1564.

Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov. Nokre menneske er forutbestemt av Gud til evig frelse, andre til evig fortaping. Guds majestet og forutbestemming er viktige delar av læra til Calvin.

Kalvinismen

endre

Læra til Jean Calvin spreidde seg til mange land, og går gjerne under nemninga kalvinisme. Kalvinismen vart det dominerande teologiske systemet i Skottland, Nederland og nokre delar av Tyskland. Han fekk òg innflytnad i Frankrike, Ungarn (særleg i Transsylvania som no er i Romania, og i område som no ligg nordaust i Ungarn), og i Polen. Eit fleirtall av dei første europeiske kolonistane på den midtre atlanterhavskysten til USA og i New England var òg kalvinistar, blant anna puritanarane og dei nederlandske grunnleggjarane av Ny-Amsterdam (New York). Sør-Afrika vart kolonisert av nederlandske kolonistar på 1600-talet; dei vart kjent som «boere» eller «afrikaanarar». Sierra Leone vart kolonisert av kalvinistar frå Nova Scotia. Nokre av dei største kalvinistiske gruppene vart etablert på 1800- og 1900-talet; særleg store er dei i Korea og Nigeria.