Can’t Buy Me Love
«Can’t Buy Me Love» Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day’s Night | ||
B-side |
«You Can’t Do That» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. mars 1964 (UK) 16. mars 1964 (USA) | |
Innspelt | Pathé Marconi Studios 29. januar 1964 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:11 | |
Selskap | Parlophone R5114 (UK) Capitol 5150 (USA) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«I Want to Hold Your Hand» (1963) |
«Can’t Buy Me Love» | «A Hard Day’s Night» (1964)
|
«Can’t Buy Me Love» er tittelen på ein song skrive av Paul McCartney[1] (kreditert til Lennon/McCartney) og gjeve ut av The Beatles som deira sjette britiske singel med «You Can’t Do That» som B-side
«Can’t Buy Me Love» vart spelt inn 29. januar 1964 i EMI sitt Pathe Marconi Studios i Paris i Frankrike,[2] der Beatles spelte 18 dagar på Olympia Theatre.
I don't care too much for money.
Paul McCartney
|
Då dei var i Paris budde The Beatles på George V hotell og fekk eit piano flytta inn til seg slik at dei kunne halde fram med å skrive songar.[3] Det var her McCartney skreiv «Can’t Buy Me Love». Songen vart skriven under press etter suksessen dei nettopp hadde oppnådd med «I Want to Hold Your Hand», som nettopp hadde nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista. Då produsenten George Martin først høyrde songen følte han at songen trong ein betre intro og ein betre avslutning. Så han tok dei to første linje frå refrenget og plasserte dei i starten av songen. Resten av gruppa syns det var ein god idé og let det vere slik.[4] Verset i songen nyttar ein 12-taktsblues-struktur, som Beatles sjeldan nytta på sine eigne songar.[5]
Songen gjekk til topps på den amerikanske Billboard Hot 100 og var ein av fem Beatles-songar som låg på dei fem øvste plassane samstundes. Dette var den tredje Beatles-songen på rad som låg på førsteplassen og alle hadde avløyst kvarandre. Dei to føregåande på toppen var «I Want to Hold Your Hand» og «She Loves You». Den andre veka i april 1964 hadde Beatles 14 songar inne på Hot 100 samstundes.
Songen nådde òg førsteplassen i heimlandet og vart her den tredje singelen deira som selde over ein million. I Noreg, låg songen 14 veker på Topp 10 på VG-lista, men gjekk aldri høgare enn 3. plass.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte «Can’t Buy Me Love» på 295. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[6]
Medverkande
endre- John Lennon – akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – vokal og bass
- George Harrison – elektrisk rytmegitar og sologitar
- Ringo Starr – trommer
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Salstroféendre
|
Coverversjonar
endre- The Chipmunks (1964)
- The Eliminators (1964)
- Ella Fitzgerald (1964)
- Johnny Rivers (1964)
- George Martin (1964)
- The Supremes (1964)
- Dave «Baby» Cortez (1965)
- Henry Mancini (1965)
- Peter Sellers (1965)
- Chet Atkins (1966)
- Count Basie and his Orchestra (1966)
- Cathy Berberian (1967)
- Phil Seaman (1968)
- David Clayton-Thomas (1973)
- Shirley Scott & Stanley Turrentine (1978)
- Stanley Turrentine (1981)
- The King's Singers (1988)
- The Allen Toussaint Orchestra (1989)
- Elena Duran, Stephane Grappelli & Laurie Holloway (1991)
- Giovanni (1993)
- Shenandoah (1995)
- Bugs Bunny og Daffy Duck (Joe Alaskey) (1995)
- Blackstreet (1996)
- John Pizzarelli (1998)
- The Punkles (1998)
- Laurence Juber (2000)
- Jive Bunny & the Mastermixers (2001)
- Michael Bublé (2005)
- Wayne Brady(2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Can't Buy Me Love» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bronson, Fred. The Billboard Book of Number One Hits. New York: Billboard Books, 2003. ISBN 0-8230-7677-6
- Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X
- ↑ Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. s. 93. ISBN 0-7126-6697-4.
- ↑ Mark Lewisohn (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. London: Hamlyn. s. 38. ISBN 0-600-55798-7.
- ↑ Barry Miles (1992). Paul McCartney: Many Years From Now. s. 161.
- ↑ The Beatles (2000). The Beatles Anthology. London: Cassell& Co. s. 114. ISBN 0-304-35605-0.
- ↑ George Martin (1994). Summer Of Love. The Making Of Sgt Pepper. London: Macmillan. s. 40. ISBN 0-333-60398-2.
- ↑ Rocklistmusic - Rolling Stone Topp 500 songs
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5.
- ↑ "Ultratop.be – The Beatles – Can't Buy Me Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Can't Buy Me Love". Irish Singles Chart. Retrieved 10. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – Can't Buy Me Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Beatles – Can't Buy Me Love". VG-lista. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 10. mars 2018.
- ↑ Lane, Dan (18. november 2012). «The biggest selling singles of every year revealed! (1952–2011)». Official Charts Company. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Top 100 Hits of 1964/Top 100 Songs of 1964». Musicoutfitters.com. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. juli 2014. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – Can't Buy Me Love». Recording Industry Association of America. Henta 10. mars 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
Bakgrunnsstoff
endre- Alan W. Pollack sin analyse av «Can't Buy Me Love»
- The Beatles Bible: Can't Buy Me Love
- CoverTogether: Can't Buy Me Love
- Heile songteksten på MetroLyrics
296: «Stan» Eminenm feat. Dido |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 295 «Can't Buy Me Love» The Beatles |
294: «Money (That's What I Want)» Barrett Strong |