Cancer borealis
Cancer borealis (engelsk Jonah crab) er ein marin krabbe i ordenen Brachyura som lever langs austkysten av Nord-Amerika frå Newfoundland til Florida.[1] Krabben har eit rundt ryggskjold med ru kantar og små lyse flekkar, og robuste klør med mørk brun-svart tippar. Den største rapporterte[2] ryggskjoldbreidda for hannar er 222 mm, medan hoer sjeldan går over 150 mm.[3] Krabben er den næraste slektningen til taskekrabbe i Vest-Atlanteren.[4]
Cancer borealis | |
Cancer borealis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Orden: | Tifotkreps Decapoda |
Familie: | Cancridae |
Slekt: | Cancer |
Art: | C. borealis |
Vitskapleg namn | |
Cancer borealis |
Habitat og levevis
endreEin har rapportert om krabbane på djupner opptil 750 m.[1] Habitatpreferansen til Cancer borealis varierer frå steinsubstrat i Rhode Island og Mainebukta til silt- og leiresubstrat på kontinentalskråninga.[3] Det er allment godteke at arten flyttar seg utover havet om hausten og vinteren, og det er blitt dokumentert at hoene flyttar seg mot kysten på slutten av våren og sommaren.[5] Krabbane er kjende for å flytta til område med føretrekte temperaturar for åtferds-termoregulering.[6] Den føretrekte temperaturen til dyra endrar seg avhengig av temperaturen det er akklimatisert til. Den estimerte gjennomsnittlege føretrekte temperaturen er 15,4 °C (59,7 °F).[6] Ettersom krabbane er eit av dei mest populære bytta for måsar, er overlevnaden deira høgast i djupare vatn. Nokre krabbar vil likevel leita etter føde på grunnare djupner og i fjøresona, der det er større tilgang på mat. Den auka vekstraten til krabbar som finn føde på grunne djupner og den høgare overlevinga til krabbar som lever i djupare vatn gjer at overlevinga i begge leveområda er omtrent lik.[7][8]
Føde
endreAnalysar av maginnehald frå individ frå Mainebukta fann muslingar, leddyr, sniglar og nokre algeartar. Blåskjel (Mytilus edulis) utgjorde over 50 % av det analyserte mageinnehaldet.[8]
Fiske
endreKrabben har lenge blitt fanga som bifangst i hummarteiner. Dei var lenge sett på som uønskt fangst og skadedyr som stal åte i fellene, og blei kasta tilbake i havet. Sidan byrjinga av 2000-talet har mengda krabbar teke i land auka, særleg i New England, på grunn av større etterspurnad på marknaden. Mottak av Cancer borealis i USA gjekk frå 9000-1360 tonn i året på 1990-talet til over 7700 tonn i 2014. I 2014 kom 70,05 % av landføringa frå Massachusetts, følgd av Rhode Island med 24,43 %. Krabbane blir ikkje forvalta på føderalt nivå i USA, men blir i staden forvalta av enkelte statar med ei mellomstatleg samordning gjennom Atlantic States Marine Fisheries Commission.[5]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Paul Haefner (1977). «Aspects of the biology of the Jonah crab, Cancer borealis Stimpson, 1859 in the mid-Atlantic Bight». Journal of Natural History 11 (3): 303–320. doi:10.1080/00222937700770221.
- ↑ Michelle K. Harrison; Bernard J. Crespi (1999). «Phylogenetics of Cancer crabs (Crustacea: Decapoda: Brachyura)» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 12 (2): 186–199. PMID 10381321. doi:10.1006/mpev.1998.0608.
- ↑ 3,0 3,1 D. A. Rochibaud; C. Frail (2006). «Development of Jonah crab, Cancer borealis, and rock crab, Cancer irroratus, fisheries in the Bay of Fundy (L FAs 35-38) and off southwest Nova Scotia (LFA 34): from exploratory to commercial status (1995–2004)» (PDF). Canadian Manuscript Report of Fisheries and Aquatic Sciences 2775 (3).
- ↑ Michelle K. Harrison; Bernard J. Crespi (1999). «Phylogenetics of Cancer crabs (Crustacea: Decapoda: Brachyura)» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 12 (2): 186–199. PMID 10381321. doi:10.1006/mpev.1998.0608.
- ↑ 5,0 5,1 «Interstate Fishery Management Plan for Jonah Crab» (PDF). Henta 27 October 2015.
- ↑ 6,0 6,1 Lara Lewis; Joseph Ayers (2014). «Temperature preference and acclimation in the Jonah crab, Cancer borealis». Journal of Experimental Marine Biology and Ecology 455: 7–13. doi:10.1016/j.jembe.2014.02.013.
- ↑ Krediet, Cory J.; Donahue, Megan J. (31. mai 2009). «Growth-mortality trade-offs along a depth gradient in Cancer borealis». Journal of Experimental Marine Biology and Ecology (på engelsk) 373 (2): 133–139. ISSN 0022-0981. doi:10.1016/j.jembe.2009.04.001.
- ↑ 8,0 8,1 Megan J. Donahue; Allison Nichols; Carlos A. Santamaria; Paloma E. League-Pike; Cory J. Krediet; Kestrel O. Perez; Myra J. Shulman (2009). «Predation risk, prey abundance, and the vertical distribution of three brachyuran crabs on Gulf of Maine shores». Journal of Crustacean Biology 29 (4): 523–531. doi:10.1651/08-3061.1.
- Denne artikkelen bygger på «Jonah crab» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Cancer borealis – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Cancer borealis i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Cancer borealis hos Fossilworks
- (en) Cancer borealis hos ITIS
- (en) Cancer borealis hos NCBI
- (en) Kategori:Cancer borealis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cancer borealis – detaljert informasjon på Wikispecies