Carlisle er ein by i Cumbria i det nordvestlege England. Han ligg omkring 16 km frå grensa til Skottland, og utgjer hovuddelen av distriktet City of Carlisle. Byen er administrasjonssenter både for distriktet og grevskapet, og var tidlegare administrasjonsby for grevskapet Cumberland.

Carlisle

Flyfoto av Carlisle
Flyfoto av Carlisle
Flyfoto av Carlisle
Kallenamn
«The Great Border City»
Plassering
Carlisle is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cumbria
Distrikt Carlisle
Grunnlagd 70 evt.
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

72 882
Koordinatar 54°53′N 2°57′W / 54.883°N 2.950°W / 54.883; -2.950
Diverse annan informasjon
Postnummer CA1-CA6
Telefon-retningsnummer 01228
Commons har multimedium som gjeld: Carlisle

Sentrum er kompakt og dominert av historiske bygningar, inkludert eit slott, eit godt museum, ein katedral, særs godt verna bymurar og ein rettsbygning som er av arkitektonisk interesse.

Fordi Carlisle er den siste engelske byen før grensa til Skottland vart han i perioden der dei to var separate kongedømme eit viktig militært støttepunkt. Carlisle slott, som står nokså intakt, vart bygd i denne perioden, i 1092 av Vilhelm Rufus. Maria av Skottland vart fengsla der, og han er enno den offisielle basen til King's Own Bordar Regiment. På grunn av stadige flyttingar av grensa under dei skotske frigjeringskrigane har byen eit skotsk preg.

Tullie House museum fortel historia om grenseområdet, inkludert mykje material om Hadrianmuren, som går nær byen. Museet er prislønt for utstillingane sine.

Carlsislekatedralen har det største austvindauget blant europeiske katedralar. Vestenden vart riven av Oliver Cromwell for å skaffe material til å forsterke slottet.

Det viktigaste fotballaget i byen er Carlisle United F.C..

Kjelder endre