«Främling»
Song av Carola Häggkvist

Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1983
Sjanger Pop, slager
Lengd 03:01
Selskap Mariann Records
Komponist Lasse Holm
Tekstforfattar Monica Forsberg
Låtskrivar(ar) Lasse Holm, Monica Forsberg

«Främling» (norsk omsetjing 'framand') er ein svensk slager-popsong frå 1983 som er komponert av Lasse Holm, med tekst av Monica Forsberg. Songen blei framført av Carola Häggkvist i svenske Melodifestivalen 1983, der han vann ein klår siger. Songen blei dimed det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 1983 i München, der han enda på ein tredjeplass. Singelen «Främling» blei seinare gjeven ut i heile Europa, og blei gjennombrotslåten for Carola. Det påfølgjande albumet hennar selde i ein million eksemplar i Skandinavia.[1]

Bakgrunn

endre

«Främling» var ein av ti deltakerlåtar i den svenske Melodifestivalen i Malmö 27. februar 1983, og han blei framført av 16 år gamle Carola Häggkvist. I tevlinga fekk ho toppoeng av samtlege juryar, noko som aldri hadde skjedd før i historia til Melodifestivalen. Undervegs i avrøystinga heldt Carola på Bibelen og utbraut: «Eg takkar Gud!» då sigeren var eit faktum.[2]

Med sigeren i Melodifestivalen blei «Främling» det svenske bidraget i den internasjonale finalen i München 23. april same året. I Eurovision Song Contest var Sverige det fjerde bidraget på scena av 20 bidrag. Trass i at mikrofonen til Carola ikkje fungerte heilt i starten, overbeviste ho jurygruppene og enda på ein tredjeplass. Til saman fekk songen 126 poeng – inkludert 12 poeng frå Noreg og Tyskland.[3]

Svenskane hadde på førehand store forventningar til «Främling»; den internasjonale finalen blei følgd av 6,1 millionar svenske tv-sjåarar, tilsvarande 84 prosent av befolkninga i landet. Dette er framleis rekord i Sverige.[4]

Gjennombrotet til Carola

endre

For Carola blei «Främling» det store musikalske gjennombrotet hennar. Songen blei ein stor suksess i Skandinavia, og han toppa VG-lista i Norge. Dette var den fyrste svenskspråklege låten til å toppe VG-lista sidan «Tag emot en utsträckt hand» av Ann-Louise Hanson i 1972.[1][5]

Det påfølgjande albumet Främling selde i 1 million eksemplar i Skandinavia, og er framleis det mest selde albumet i Sverige gjennom tidane.[1] Også i Noreg selde albumet bra og låg på VG-lista i over eit halvt år.[6]

Listeplasseringar

endre
Liste (1983) Høgaste
plassering
Versjon
  Belgia, Flandern (Ultratop)[7] 7 «Love Isn't Love»
  Nederland (Singles Top 100)[8] 4 «Je ogen hebben geen geheimen»
  Noreg (VG-lista)[9] 1 «Främling»
  Sverige (Sverigetopplistan)[10] 5 «Främling»
  Tyskland (Deutsche offizielle charts)[11] 68 «Love Isn't Love»

Andre versjonar

endre

Carola spelte inn låten på fleire språk:

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Sætre, Eivind M. (22. august 2014). «Carola – Främling». GV-musikk.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. juni 2018. Henta 7. juni 2018. 
  2. «Melodifestivalen 1983». svt.se (på svensk) (Sveriges Television AB, Stockholm). Henta 7. juni 2018. 
  3. «Eurovision Song Contest 1983». eurovison.tv. 2018. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 7. juni 2018. 
  4. Gylleneskor.se. Carola vi älskar dig – Heja Sverige!. Henta 29. februar 2008. Arkivert versjon.
  5. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Norwegian charts portal». www.norwegiancharts.com. Henta 7. juni 2018. 
  6. Hung, Steffen. «Främling (album) – på VG-lista». www.norwegiancharts.com. Henta 7. juni 2018. 
  7. «Carola - Love Isn't Love». ultratop.be. Henta 7. juni 2018. 
  8. Hung, Steffen. «Carola - Je ogen hebben geen geheimen». hitparade.ch. Henta 7. juni 2018. 
  9. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Carola Häggkvist - Främling». norwegiancharts.com. Henta 7. juni 2018. 
  10. Hung, Steffen. «swedishcharts.com - Carola Häggkvist - Främling». swedishcharts.com. Henta 7. juni 2018. 
  11. «Love Isn't Love – Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de (på tysk). Henta 7. juni 2018.