Opna hovudmenyen

Fångad av en stormvind

song frå 1991 med Carola
«Fångad av en stormvind»
Singel av Carola Häggkvist
frå albumet Carola Hits
Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1991
Lengd 3:00
Låtskrivar(ar) Stephan Berg
Carola Häggkvist-kronologi
«All the Reasons to Live»
(1991)
«Fångad av en stormvind» «Stop Tellin' Me Lies»
(1991)


«Fångad av en stormvind» (svensk for Fanga av ein stormvind) var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 1991, framført av Carola. Songen er med på albumet Carola Hits. Teksten er skriven på svensk.

«Fångad av en stormvind»
Eurovision Song Contest 1991
Land Sverige
Artist(ar) Carola Häggkvist
Alias Carola
Språk Svensk
Komponist(ar) Stephan Berg
Låtskrivar(ar) Stephan Berg
Resultat
Finalepoeng 146
Finaleplass 1
Sverige i Eurovision Song Contest
«Som en vind»
(1990)
«Fångad av en stormvind» «I morgon är en annan dag»
(1992)

Melodifestival 1991Endra

Songen vann Melodifestival 1991 med 78 poeng og fekk representere Sverige i Eurovision Song Contest 1991.

Eurovision Song Contest 1991Endra

Songen starta som nummer 8 i finalen etter Luxembourg med «Un baiser volé» av Sarah Bray og før Frankrike med «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» av Amina.

Då Carola skulle opptre, forsvann lyden delvis under det andre verset. Ein kunne berre høyra blåseinstrument og trommer i nokre sekund fordi ein sikring hadde gått. Carola fortsette, og etterpå spurte programleiar Gigliola Cinquetti om ho ville synge på nytt, noko som ikkje skjedde.

Bidraget fekk tolv poeng frå Island, Danmark, Tyskland og Storbritannia, ti poeng frå Sveits, Austerrike, Israel og Belgia, åtte poeng frå Noreg og Finland, sju poeng frå Luxembourg, seks poeng frå Jugoslavia, Tyrkia og Kypros, fire poeng frå Spania og tre poeng frå Irland. Sverige fekk til saman 146 poeng og vann av totalt 22 bidrag. Frankrike, som òg fekk 146 poeng, enda på andreplass fordi Sverige hadde fleire tiarar.

Før tevlinga hadde City Stormarknad i Stockholm drevet ein kampanje om at man på ein dag kunne handle så mykje elektronik ein ville og få alle pengane att om songen skulle vinne. Dei haldt løftet, men tapte 15 millionar svenske kroner.

KjelderEndra