Opna hovudmenyen
Carterton
Carterton DC.PNG
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Wellington
Grunnlagd 1857
Mayor Gary McPhee
Geografi
Flatevidd
 - District

1180 km²
Innbyggjarar
 - District (2006)
 - Byområde

7098
4122
Koordinatar 41°02′″S 175°32′″EKoordinatar: 41°02′″S 175°32′″E
Høgd over havet 77 m
Diverse anna
Postnummer 5713, 5743, 5791, 5792
Telefon-retningsnummer 06
Heimeside: www.cartertondc.govt.nz

Carterton er ein liten by i regionen WellingtonNew Zealand og er sete for Carterton District. Han ligg i eit landbruksområde i Wairarapa sør på NordøyaNew Zealand. Byen ligg 14 km sørvest for Masterton og 80 km nordaust for Wellington. Innbyggjartalet var ved folketeljinga i 2006 var 4 122, i tillegg budde 2 976 menneske i det omkringliggjande rurale området.

Carterton vart grunnlagd i 1857. Staden var frå først av kjend som Three Mile Bush, og gav husly til arbeidarar som bygde vegen mellom Wellington og Masterton. Seinare fekk byen namn etter Charles Rooking Carter. Byen omtalar seg sjølv som påskeliljehovudstaden på New Zealand, og arrangerer ein årleg påskeliljefestival den andre sundagen i september.

Innhaldsliste

KjennemerkeEndra

 
Den historiske jarnvegsstasjonen i Carterton.

Den historiske Carterton Railway Station ligg vest for bysentrum. Stasjonsbygningen er original, og vart bygd då jarnvegen opna i 1880, og har utført tenester for reisande heile tida sidan.

Biblioteket Carterton District library, er det eldste biblioteket som vart bygd til dette føremålet på New Zealand, og som enno er i bruk som bibliotek i dag.

TransportEndra

VegarEndra

New Zealand State Highway 2, hovudvegen mellom Wellington og Masterton, går gjennom Carterton.

Carterton har bussruter som bind byen saman med Masterton, Greytown, Featherston og Martinborough.

JarnvegEndra

Carterton ligg ved Wairarapa Line som bind byen saman med Wellington.

BakgrunnsstoffEndra

ReferansarEndra

  • A. W. Reed (2002). The Reed Dictionary of New Zealand Place Names. Auckland: Reed Books. ISBN 0-7900-0761-4.