Påskelilje
Påskelilje | |
![]() Påskelilje | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert![]() Vestlege og sentrale Europa | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Amaryllidoideae |
Stamme: | Narcisseae |
Slekt: | Påskeliljeslekta Narcissus |
Art: | Påskelilje N. pseudonarcissus |
Vitskapleg namn | |
Narcissus pseudonarcissus |
Påskelilje (Narcissus pseudonarcissus) er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk.
Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.
Opphavleg utbreiingEndra
Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.
I NoregEndra
I Noreg er påskelilje ein framandart som er innførd som prydplante.[1][2] Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore mykje i bruk før 1700, og han er derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018.[3] To underartar er registrerte forvilla i Noreg:
- nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus) er kjend som etablert i norsk natur i alle fall i 1749 og finst forvilla i til dels store bestandar på Vestlandet frå Sunnhordland til Møre og ved Røros, der han går opp til over 800 m.[1]
- stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major) er innført i nyare tid og finst forvilla på Austlandet og nord til Troms, men dannar ikkje store bestandar.
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211.
- ↑ «Artsdatabanken: påskelilje». Artsdatabanken. 6. mars 2023.
- ↑ «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken (utgjeven 24. april 2018). 6. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger dels på «Påskelilje» frå Wikipedia på dansk, den 13. april 2012.
BakgrunnsstoffEndra
- (no) påskelilje hos Artsdatabanken
- (en) påskelilje i Encyclopedia of Life
- (en) påskelilje i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) påskelilje hos Dyntaxa
- (en) påskelilje hos ITIS
- (en) påskelilje hos NCBI
- (en) påskelilje hos The International Plant Names Index
- (en) påskelilje hos Tropicos
- (en) Kategori:Narcissus pseudonarcissus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Narcissus pseudonarcissus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Narcissus pseudonarcissus – detaljert informasjon på Wikispecies