Cavendish Laboratory
Cavendish Laboratory er eit fysikklaboratorium ved Cambridge University i Storbritannia. Det vart grunnlagt i 1871 for gåvefond frå William Cavendish, 7. hertugen av Devonshire, ein slektning av Henry Cavendish. Eit av dei mest ansette professorstillingane i fysikk i England er knytte til laboratoriet. Det første Cavendish-professoratet hadde James Clerk Maxwell, og seinare har mellom anna Lord Rayleigh, J. J. Thomson, Ernest Rutherford, Lawrence Bragg og Nevill Mott hatt denne stillinga. Av dei mange store oppdagingane som er gjort ved Cavendish Laboratory kan ein nemne Thomson si oppdaging av elektronet, Rutherford sine undersøkingar av atomkjernen og James Chadwick si påvising av nøytronet.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cavendish Laboratory
Kjelder
endre- Cavendish Laboratory. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Cavendish_Laboratory