James Chadwick
James Chadwick (20. oktober 1891–24. juli 1974) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1935 «for oppdaginga av nøytronet».[1]
James Chadwick | |||
| |||
Fødd | 20. oktober 1891 Bollington i Cheshire i England | ||
---|---|---|---|
Død | 24. juli 1974 (82 år) Cambridge i England | ||
Statsborgarskap | Britisk | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | fysikk, nøytron, atombombe, radioaktivitet | ||
Yrke | kjernefysiker, universitetslærar, fysikar | ||
Institusjonar | University of Manchester University of Liverpool Victoria University of Manchester | ||
Alma mater | University of Manchester University of Cambridge. | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernest Rutherford | ||
Kjend for | Oppdaginga av nøytronet | ||
Ektefelle | Aileen Stewart-Brown | ||
Medlem | Royal Society Det saksiske vitenskapsakademiet Det pavelege vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen American Philosophical Society American Physical Society |
Han studerte 1913-1914 hos Hans Geiger i Tyskland og sat internering internert der under den første verdskrigen. Frå 1919 arbeidde han hos Ernest Rutherford ved Cavendish Laboratory i Cambridge og utførte eit pionerarbeid innan kjernefysisk forsking. Størst tyding fekk oppdaginga hans av nøytronet i 1932, eit arbeid han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1935. 1935–1948 var han professor i Liverpool og deretter (1948–59) professor i Cambridge. Alt i 1939 byrja han å undersøkja høvet for å lage ei kjernefysisk bombe. Under krigen var han leiar for den britiske gruppa som deltok i Manhattanprosjektet, der han medverka til utviklinga av atombomba som seinare vart sleppt over Hiroshima under andre verdskrigen.
Utmerkingar og prisar (utval)
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «James Chadwick» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- James Chadwick. (28.02.2013) I Store norske leksikon.
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1935» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 7. februar 2011.
Litteratur
- Andrew Brown (1997). The neutron and the bomb. A biography of Sir James Chadwick. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-853992-4.