Trommehola
(Omdirigert frå Cavitas tympani)
Trommehola (av latin cavitas tympani) er ei lita hole som omgjev knoklane i mellomøyret.
Struktur
endreDen laterale overflata støyter mot den ytre øyregangen der den blir delt av trommehinna.
Veggar
endreTrommehola er avgrensa av:
- den mediale veggen i retning mot det indre øyret, som inneheld det ovale vindauget, det runde vindauget, promontoriet og prominentia canalis facialis.
- den laterale veggen i retning mot det ytre øyret, som i hovudsak er forma av trommehinna, og delvis av beinringen rundt trommehinna. Beinringen er ufullstendig i den øvre delen og dannar eit hakk med tre nærliggande aperturar: iter chordae posterius, fissura petrotympanica og iter chordae anterius. Iter chordae posterius (apertura tympanica canaliculi chordae) ligg i vinkelen mellom øyrebeinsveggen og den laterale veggen bak trommehinna på høgd med det øvre «handtaket» av hammaren i øyret; den går vidare ut i ein liten kanal som går ned framfor kanalen i facialisnerven og endar i kanalen nær foramen stylomastoideum. Chorda tympani-nerven går gjennom denne og inn i trommehola. Fissura petrotympanica opnar rett over og framfor beinringen der trommehinna går inn; denne spalta er om lag 2 mm i lengd. Den husar den fremre prosessen og det fremre leddbandet, og gjev passasje til den fremre tympaniske forgreininga på innsida av arteria maxillaris. Iter chordae anterius ligg ved den mediale enden av fissura petrotympanica, og gjennom denne kjem chorda tympani ut av trommehola.
- taket i trommehola (tegmentum tympani), som er forma av ei tynn overflate i den steinliknande delen av tinningbeinet, i nærleiken av vinkelen mellom squama. Den er strekt bakover og dannar eit tak over antrum mastoideum. Den er strekt framover for å dekke over øyretrompeten for trommehinnemuskelen. Dei laterale kantane korresponderer med restane av fissura petrosquamosa. Atticus er den delen av tegmentum tympani som stigbøyelen og ambolten er festa.
- golvet i trommehola, som er smalt, samansett av tynne beinplater (fundus tympani), og som skil trommehola frå fossa jugularis ossis temporalis. Nær den mediale veggen ligg ein apertur som gjev opning for den tympaniske delen av tungesvelgnerven (n. glossopharyngeus).
- den posteriore veggen (eller bakre veggen), som er vidare på oversida enn på undersida, og som opnar for klinisk undersøking av aditus ad antrum mastoideum, eminentia pyramidalis og fossa incudis.
- den anteriore veggen (eller fremre veggen), som er vidare på oversida enn på undersida. Den korresponderer med carotiskanalen, der den er delt av ei tynn beinplate. Plata er perforert av den tympaniske forgreininga av den indre halsarterien, og av nervus petrosus profundus som koplar grensestrengen (truncus sympathicus) til den indre halsarterien med plexus tympanicus i promontoriet. Ved den øvre delen av den fremre veggen ligg opninga av semikanalen der trommehinnemuskelen og den tympaniske delen av øyretrompeten kjem gjennom. Desse er delt av ei tynn og tverrgåande beinplate kalla septum canalis musculotubarii. Desse kanalane strekkjer seg framover gjennom trommehola og nedover mot vinkelen mellom squama og den steinliknande delen av tinningbeinet.
Utvikling
endreTrommehola er forma av recessus tubotympanicus, som er ei forlenging av svelgposen (sacci pharyngei).
Klinisk signifikans
endreSkade på trommehinna kan behandlast med tympanoplastikk.
Væskeopphopingar i mellomøyret som følgje av infeksjon eller anna kan drenerast ved å punktere trommehinna med ei stor nål.
Fleire bilete
endre-
Det ytre øyret og mellomøyret opna frå høgre framside.
-
Tverrsnitt gjennom øvre halvdel av venstre øyre.
-
Trommehola, canalis facialis og den indre halsarterien.
-
Ossiklar og trommehole. Djup disseksjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Tympanic cavity» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2015.