Opna hovudmenyen
Cecilia
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bridge over Troubled Water
B-side The Only Living Boy in New York
Utgjeve 20. april 1970
Innspelt 2. november 1969
Sjanger
Lengd 2:54
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent
Simon & Garfunkel-kronologi
«Bridge over Troubled Water»
(1970)
Cecilia «El Condor Pasa (If I Could)»
(1970)


«Cecilia» er ein song skriven av Paul Simon og framført av Simon & Garfunkel for Bridge Over Troubled Water frå 1970. Songen vart òg gjeven ut som singel og denne nådde fjerdeplassen i USA. Singelen gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia, trass i at han var oppfølgjaren til den store hitten «Bridge over Troubled Water».

Cecilia frå tittelen vert generelt tolka til å vere ein lunefull kjæraste, som skapar både smerte og glede hos songaren. Ei anna tolking[1] er at Cecilia kan vise til St. Cecilia, ein vernehelgen for musikk i den katolske kyrkja, og at songen kan referere til frustrasjonen kring mangelen på inspirasjon til å skrive songar. St. Cecilia er nemnd i ein annan Paul Simon-song, «The Coast» frå The Rhythm of the Saints i 1990: «A family of musicians took shelter for the night in the little harbor church of St. Cecilia.»

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1970) Plassering
Australia (ARIA)[2] 6
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3] 6
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] 3
Canada Top Singles (RPM)[5] 2
Tyskland (Media Control AG)[6] 2
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[7] 2
Spain (PROMUSICAE)[8] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 3
US Billboard Hot 100[10] 4
US Billboard Easy Listening[11] 31
US Cash Box Top 100[12] 1
Zimbabwe Singles (ZIMA)[13] 19

ÅrslisterEndra

Liste (1970) Plassering
Australia (Kent Music Report)[14] 41
Canada Top Singles (RPM)[15] 37
US Billboard Hot 100 [16] 49
US Cash Box [17] 51

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[18] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonarEndra

Den fransktalande amerikanske musikaren Joe Dassin song ein fransk versjon av songen i 1970. Andre versjonar er gjort av Times Two i 1988 og Suggs i 1995. Sistnemnde vart populær i Storbritannia og nådde heilt opp til fjerdeplass med over ein halv million selde singlar.[19]

Dei første taktane av songen er sampla fleire gonger i songen «Midlife Crisis» av Faith No More frå Angel Dust. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 10. plass i Storbritannia i 1992.

I 1998 gav det svenske popbandet Ace of Base ut ein Europop-song kalla «Cecilia» frå albumet Flowers, som held fram historia om karakteren til Paul Simon.

I den siste episoden av The Sopranos nyttar Paulie Walnuts ein teknoversjon av songen som ringetone på mobilen sin.

KjelderEndra

  1. Cecilia will put song in your heart, Ideally Speaking (Jerry Johnston), Deseret News, 14 november 2009, s. E1.
  2. "Australian-charts.com – Simon & Garfunkel – Cecilia". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 25. mars 2019.
  3. "Simon & Garfunkel – Cecilia – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 25. mars 2019.
  4. "Ultratop.be – Simon & Garfunkel – Cecilia" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2019.
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 9. februar 2012. 
  6. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 25. mars 2019.
  7. "Nederlandse Top 40 – week 22, 1970" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 25. mars 2019.
  8. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  9. "Simon & Garfunkel – Cecilia – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 25. mars 2019.
  10. "& Garfunkel?f=379&g=Singles Simon & Garfunkel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Simon & Garfunkel. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2019.
  11. «Simon & Garfunkel Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2019. 
  12. «Cash Box Top 100 5/30/70». 50.6.195.142. 30. mai 1970. Arkivert frå originalen 2015-04-02. Henta 25. mars 2019. 
  13. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  14. David Kent's «Australian Chart Book 1970-1992» Arkivert 5. mars 2016 ved Wayback Machine.
  15. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 
  16. «Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970», musicoutfitters.com (retrieved 12. juni 2016).
  17. «Cash Box YE Pop Singles - 1970». 50.6.195.142. 26. desember 1970. Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 25. mars 2019. 
  18. «American single salstrofé – Simon & Garfunekl – Cecilia». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  19. Suggs interview at Question of Pop, BBC