Cecilie av Mecklenburg-Schwerin

Hertuginne Cecilie av Mecklenburg-Schwerin (20. september 18866. mai 1954) var den siste kronprinsessa av Tyskland og av Preussen. Ho var dotter av storhertug Fredrik Frans III av Mecklenburg-Schwerin og storfyrstinne Anastasia Mikhailovna av Russland. Ho var gift med kronprins Wilhelm av Preussen (1882-1951).

Cecilie av Mecklenburg-Schwerin
Kronprinzessin Cecilie von Preussen 1908 2 .jpg
FøddCecilie Auguste Marie zu Mecklenburg-Schwerin
20. september 1886
Schwerin
Død6. mai 1954
Bad Kissingen
Alle titlarhertug, hertuginne, prinsesse
Hus eller slektHuset Mecklenburg
GravstadHohenzollern
LandTyskland
MorAnastasia Mikhailovna av Russland
FarFriedrich Franz III.
EktefelleWilhelm von Preußen
BarnWilhelm av Preussen, Hubertus av Preussen, Friedrich av Preussen, Louis Ferdinand av Preussen, Alexandrine av Preussen, Cecilie av Preussen

BakgrunnEndra

 
Cecilie, Alexandrine og Friedrich Franz av Mecklenburg-Schwerin.

Cecilie Auguste Marie av Mecklenburg-Schwerin var fødd i Schwerin som yngstedottera til Fredrik Frans III og Anastasia.[1] Det meste av barndommen budde ho i Schwerin, ved Ludwigslust slott og Jagdschloss Gelbensande, nokre kilometer unna austersjøkysten.[2] Far hennar leid av astma, og det våte, kalde klimaet i Mecklenburg var ikkje godt for helsa hans. Derfor var Cecilie og familien også mykje i Cannes sør i Frankrike, ein stad europeiske kongelege føretrekte på denne tida. Her møtte Cecilie mellm anna keisarinne Eugénie og grandonkelen til den framtidige ektemannen hennar, Edvard VII av Storbritannia.

Under vintervitjinga i 1897 møtte Cecilie si syster, Alexandrine, den framtidige ektemannen sin, kronprins Christian, seinare Kristian X av Danmark. Kort tid etter døydde far deira, 46 år gammal. Etter å ha vend tilbake til Schwerin var Cecilie ei tid med mor si i Danmark. Systera blei gift i Cannes i april 1898. Kvar sommar frå 1898 til 1904 vitja Cecilie slektningar i Russland.[3]

EkteskapEndra

 
Cecilie og Wilhelm i september 1904.
 
Cecilie av Mecklenburg-Schwerin måla av Caspar Ritter.

Cecilie gifta seg 6. juni 1905 i Berlin med kronprins Wilhelm av Preussen. Etter giftarmålet budde paret i Kronprinzenpalais i Berlin og i Marmorpalais i Potsdam. Familien bygde etterkvart sitt eige slott, Cecilienhof, som stod ferdig kring 1915.

Cecilie of Wilhelm fekk seks barn saman:

  • Wilhelm (1906-1940)
  • Louis Ferdinand (1907-1994)
  • Hubertus (1909-1950)
  • Friedrich (1911-1966)
  • Alexandrine (1915-1980)
  • Cecilie (1917-1975)

Cecilie tilpassa seg rolla si raskt og blei populær både blant allmugen og ved hoffet for den opne veremåten sin. Ho blei skildra som intelligent og naturleg vakker, og blei eit moteførebilde. Ho var også engasjert i sosialt arbeid, særleg for utdanning av kvinner. Fleire skular og vegar blei oppkalla etter henne.

Etter monarkietEndra

Då monarkiet blei avskaffa gjennom Den tyske novemberrevolusjonen i 1918 nekta Cecilie å dra med maken og svigerforeldra i eksil, men valde å bli verande i Potsdam med barna. Etter første verdskrigen glei Cecilie og Wilhelm stadig meir frå kvarandre. Wilhelm fekk lov til å koma tilbake til Tyskland i 1923, men dei tok ikkje opp att forholdet.

Cecilie var verksam innan fleire velgjerdsorganisasjonar fram til 1933, då nazistane tok over alle organisasjonar. Ho levde sidan eit tilbaketrekt liv på Cecilienhof i Potsdam, der ho arrangerte private konsertar.

Eldstesonen Wilhelm var blitt skadd i slaget ved Valenciennes i Frankrike 25. mai 1940, og døydde dagen etter ved eit feltsjukehus i Nivelle. Gravferda hans fann stad ved Potsdam den 28. mai. Over 50 000 menneske møtte opp langs gravferdsruta. Adolf Hitler mislikte den store merksemda gjeven til ein prins frå det tidlegare herskardynastiet som hadde døydd ein heltedød.[4] Deretter fekk ingen prinsar frå tidlegare tyske fyrstefamiliar gjera teneste ved fronten, og i 1943 gav Hitler ordre om å ta alle ut av militæret.[4]

I 1941 døydde den tidlegare keisaren Vilhelm II, og mannen til Cecilie blei overhovud for huset Hohenzollern.[5] Under monarkiet ville dette ført til store endringar i livet deira, men no førte det med seg mogleg fare på grunn av naziststyret. I denne tida trekte Cecilie og ektemannen seg i stadig større gad tilbake til slotte Oels, langt unna farane i Berlin. I desember 1944 feira familien jul i Potsdam.

Cecilie blei buande på Cecilienhof i det lengste. Ho blei overtalt til å forlata slottet og Potsdam i februar 1945, og flykta til Bayern. Seinare budde ho i Bad Kissingen og 1952-54 i ein leilegheit i Stuttgart.

8. april 1950 døydde sonen prins Hubertus, av blindtarmsbetennelse. Tidleg i 1951 fekk tidlegare kronprins Wilhelm helseproblem, og 20. juli det året døydde han. Gravferda hans fann stad 26. juli ved Hohenzollern slott.

I 1952 gav Cecilie ut memoara sine. Dette året tok enkja til kong Georg V av Storbritannia, dronning Mary, imot henne i England. Cecilie var med på dåpen til eit barnebarn, prinsesse Victoria Marina av Preussen, som var dotter av sonen hennar prins Friedrich. 28. desember 1952 døydde syster hennar, den danske dronningmora Alexandrine. Cecilie kom seg aldri heilt etter dette. 6. mai 1954 døydde ho under ei vitjing til Bad Kissingen. Det ville vore den 72. fødselsdagen til mannen hennar. Ho blei gravlagd 12. mai 1954 ved sida av kronprins Wilhelm og prins Hubertus ved Hohenzollern slott.

KjelderEndra

  1. Kirschstein, J., Kronprinzessin Cecile: Eine Bildbiographie, p.11
  2. Zeepvat, The Other Anastasia, s. 5
  3. Cecile, Crown Princess of Germany, My Memories of Imperial Russia, s. 89.
  4. 4,0 4,1 Kirschstein, J., Kronprinzessin Cecilie: Eine Bildbiographie, s. 90
  5. Kirschstein, J., Kronprinzessin Cecilie: Eine Bildbiographie, p.91
Bibliografi
  • Cecilie, Crown Princess of Germany. My Memories of Imperial Russia. Royal Russia. N 10, 2016. ISBN 978-1-927604-20-5.
  • Kirschstein, Joerg, Kronprinzessin Cecilie, Berlin, Quintessenz Verlags GmbH, 2004 - ISBN 3-86124-579-5
  • Laird M Easton. Journey to the abyss - The diaries of Count Harry Kessler 1880 - 1918, New York, Vintage Books, 2013 - ISBN 978-0-307-27843-2
  • Zeepvat, Charlotte. The other Anastasia: A woman who loved and who lived. Royalty Digest Quarterly. N2 2006. ISSN 1653-5219.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Cecilie av Mecklenburg-Schwerin