Celebesmakak
pattedyrart
Celebesmakak (Macaca nigra) er ein dyreape av makakslekta som lever på Sulawesi i Søraust-Asia. Arten er rekna som kritisk truga grunna jakt og habitattap.
Celebesmakak | |
Celebesmakakhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiinga av Celebesmakak | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Dyreapar Cercopithecidae |
Slekt: | Makakar Macaca |
Art: | Celebesmakak M. nigra |
Vitskapleg namn | |
Macaca nigra |
Celebesmakaken har heilsvart pels og svært kort hale. Ein hårkam går frå pannen og midtlangs hovudet mot ryggen. Denne ligg vanlegvis flatt, men reiser seg når makaken blir opphissa. Apane blir som regel opptil 52-57 cm høge og veg ca 10 kg.
Celebesmakakar dannar store flokkar på over 100 individ av begge kjønn. Makaken er likevel som regel ein lite iaugefallande, stille fruktetar som lever i skogsområde.
Arten er utbreidd nord på Sulawesi og på nokre mindre nærliggjande øyar. Han har namn etter Sulawesi, som tidlegare blei kalla Celebes.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Celebesmakak» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2012.