Challengerbreen er ein isbre på nordsida av Heardøya[6] i det sørlege Indiahavet. Han ligg kring 2 km aust for Baudissinbreen og er 1,5 km brei. Breen munnar ut på austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point.[6][7] Aust for Challengerbreen ligg Downesbreen, som endar ' i Mechanics Bay, mellom Saddle Point og Cape Bidlingmaier. Vest for Challengerbreen ligg Baudissinbreen, som endar på vestsida av Corinthian Bay, nær Sealers Cove.

Challengerbreen
isbre
Land  Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°2′S 73°28′E / 53.033°S 73.467°E / -53.033; 73.467
Munning austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point
Tjukkleik 55 moh
status I tilbaketrekking[1][2][3][4][5]
Kart
Challengerbreen
53°02′00″S 73°28′00″E / 53.0333°S 73.4667°E / -53.0333; 73.4667

Isbreen vart truleg først kartlagt av Gauss-ekspedisjonen under Erich von Drygalski i 1901–03, som teikna han ned som ein enkelt stor isbre som flaut ut i Corinthian Bay. I 1948 fann Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) ut at det var meir enn ein isbre i Corinthian Bay og ANARE nytta namnet Challengerbreen om den austlegaste av desse breane til minne om den britiske Challenger-ekspedisjonen, 1873–76.

Kjelder

endre
  1. Ian F. Allison and Peter L. Keage (1986). «Recent changes in glaciers of Heard Island». Polar Record 23 (144): 255–272. doi:10.1017/S0032247400007099. Henta 28. desember 2013. 
  2. Andrew Ruddell (25. mai 2010). «Our subantarctic glaciers: why are they retreating?». Glaciology Program in Antarctica CRC and AAD. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 28. desember 2013. 
  3. Quilty, P.G.; Wheller, G. (2000). «Heard Island and the McDonald Islands: A window into the Kerguelen Plateau (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 1–12. 
  4. Budd, G.M. (2000). «Changes in Heard Island glaciers, king penguins and fur seals since 1947 (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 47–60. 
  5. Douglas E. Thost, Martin Truffer (februar 2008). «Glacier Recession on Heard Island, Southern Indian Sea». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (1): 199–214. doi:10.1657/1523-0430(06-084)[THOST]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 28. desember 2013. 
  6. 6,0 6,1 «Challenger Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. 
  7. «Challenger Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre