Baudissinbreen er ein isbre på nordsida av Heardøya[6] i det sørlege Indiahavet. Han ligg kring 2 km vest for Challengerbreen og er 3 km brei. Han flyt ut i vestlege delen av Corinthian Bay. Fronten av Baudissinbreen ligg på vestsida av Corinthian Bay, ved Sealers Cove.[6][7] Aust for Baudissinbreen ligg Challengerbreen, som endar på austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point. Sør for Baudissinbreen ligg Schmidtbreen og i nordvest Atlas Cove. Kildalkey Head ligg vest for Schmidtbreen. Sør for Schmidtbreen ligg Vahselbreen, som endar i South West Bay, mellom Erratic Point og Cape Gazert. Like sør for Vahselbreen ligg Allisonbreen.

Baudissinbreen
isbre
Land  Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°2′S 73°26′E / 53.033°S 73.433°E / -53.033; 73.433
Munning vestsida av Corinthian Bay ved Sealers Cove
Tjukkleik 55 m
Status I tilbaketrekking[1][2][3][4][5]
Kart
Baudissinbreen
53°02′00″S 73°26′00″E / 53.0333°S 73.4333°E / -53.0333; 73.4333

Baudissinbreen vart først skissert i dei vitskaplege rapportane frå ekspedisjonen til HMS «Challenger» i 1874 langs nordsida av øya.[6] Den tyske antarktisekspedisjonen under Erich von Drygalski i 1901–03 synte ein enkelt, stor isbre som flaut ut i Corinthian Bay og namngav denne etter admiral grev Friedrich Baudissin, ein sponsor for ekspedisjonen.[6] I 1948 oppdaga ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) at det var meir enn ein isbre som munna ut i Corinthian Bay. Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) tilrådde i 1954 at Baudissinbreen vart nytta som namn på den vestlegaste og største av desse isbreane.[6]

Kjelder

endre
  1. Ian F. Allison; Peter L. Keage (1986). «Recent changes in glaciers of Heard Island». Polar Record 23 (144): 255–272. doi:10.1017/S0032247400007099. Henta 28. desember 2013. 
  2. Andrew Ruddell (25. mai 2010). «Our subantarctic glaciers: why are they retreating?». Glaciology Program in Antarctica CRC and AAD. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 28. desember 2013. 
  3. Quilty, P.G.; Wheller, G. (2000). «Heard Island and the McDonald Islands: A window into the Kerguelen Plateau (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 1–12. 
  4. Budd, G.M. (2000). «Changes in Heard Island glaciers, king penguins and fur seals since 1947 (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 47–60. 
  5. Douglas E. Thost; Martin Truffer (februar 2008). «Glacier Recession on Heard Island, Southern Indian Sea». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (1): 199–214. doi:10.1657/1523-0430(06-084)[THOST]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 28. desember 2013. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Baudissin Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. 
  7. «Baudissin Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre