Kameleonar

(Omdirigert frå Chamaeleonidae)
Kameleonar
Kameleon-arten Dilepis petersi
Kameleon-arten Dilepis petersi
Utbreiing
Utbreiinga av kameleonar
Utbreiinga av kameleonar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Krypdyr Reptilia
Infraklasse: Lepidosauromorpha
Overorden: Lepidosauria
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Underorden: Iguania
Familie: Kameleonar Chamaeleonidae
Rafinesque, 1815

Kameleonar (frå gresk chamai, 'jord' og leon, 'løve', altså 'jordløve'; vitskapleg namn Chamaeleonidae) er øgler som lever av insekt og i nokre tilfelle planter. Dei er kjende for å skifte farge etter omgjevnadene eller når dei blir opphissa. Dei lever i alle biotopar, frå tett jungelMadagaskar til sanddyner i Afrika. Det finst om lag 100 artar i Afrika, India, Pakistan og ein art i Europa.

Dei fleste blir mellom 30 og 50 cm lange, men kan bli opptil 70 cm. Nokre artar blir berre 5 cm. Kameleonar har tangforma lemmar og gripehale. Augo rører seg uavhengig av kvarandre.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.