C.V. Raman
Chandrasekhara Venkata Raman (7. november 1888–21. november 1970) var ein indisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1930 «for arbeidet sitt med lyspreiing, og for effekten kalla opp etter han».[1]
Venkata Raman
Tamil சந்திரேசகர ெவங்கடராமன் | |||
| |||
Fødd | 7. november 1888 Thiruvanaikaval i Tiruchirappalli i Britisk India | ||
---|---|---|---|
Død | 21. november 1970 (82 år) Bengaluru i Karnataka i India | ||
Nasjonalitet | Indisk | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, krystallograf | ||
Institusjonar | Banaras Hindu University Indian Institute of Science, Bengaluru Universitetet i Calcutta | ||
Alma mater | University of Madras Presidency College Universitetet i Calcutta | ||
Kjend for | Ramanspreiing | ||
Ektefelle | Lokasundari Ammal | ||
Barn | Venkatraman Radhakrishnan, Chandrasekhar (Raja) Raman | ||
Medlem | Royal Society Det sovjetiske vitskapsakademiet Det pavelege vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Indias nasjonale vitenskapsakademi | ||
Religion | Hindu |
Raman vart professor i fysikk ved Universitetet i Calcutta i 1917. I 1929 vart han adla ved utnemning til Knight Bachelor og fekk tiltaleforma Sir. I 1934 vart Raman leiar for det indiske vitskapsakademiet, og i 1947 leiar for Raman Research Institute i Bangalore. I 1910-1921 arbeidde han hovudsakleg med akustiske undersøkingar, og gav viktige bidrag til teorien for verkemåten til strengeinstrument. Seinare utførte han omfattande undersøkingar over lysspreiing i væsker, og fann under dette i 1928 effekten som er kalla opp etter han, ramaneffekten.
CV Raman var onkel av Subrahmanyan Chandrasekhar, som òg vann ein nobelpris i fysikk.
Publikasjonar (utval)
endre- «The Small Motion at the Nodes of a Vibrating String», Nature, 1909
- «The Maintenance of Forced Oscillations», Nature, 1910
- «Photographs of Vibrational Curves», Philos. Mag., 1911
- «The Maintenance of Forced Oscillations of a New Type», Philos. Mag, 1912
- «Some Acoustical Observations», Bull. Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1913
- «The Dynamical Theory of the Motion of Bowed Strings», Bull. Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1914
- «On the Maintenance of Combinational Vibrations by Two Simple Harmonic forces», Phys. Rev., 1915
- «On Discontinuous Wave-Motion - Part 1», Philos. Mag, 1916 (med S Appaswamair)
- «The Maintenance of Vibrations in a Periodic Field of Force», Philos. Mag, 1917 (med A. Dey)
- «On the 'Wolf-Note' in the Bowed Stringed Instruments», Philos. Mag., 1918
- «An Experimental Method for the Production of Vibrations», Phys. Rev., 1919
- «On the Sound of Splashes», Philos. Mag, 1920
- «Whispering Gallery Phenomena at St. Paul's Cathedral», Nature (London) 1921 (med G.A. Sutherland)
- «On Whispering Galleries», Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1922
- «The Subjective Analysis of Musical Tones», Nature (London), 1926
- «A new type of Secondary Radiation», Nature, 1928
- «The Indian Musical Drums», Proc. Indian Acad. Sci., 1935
- «The Diffraction of Light by High Frequency Sound Waves: Part III: Doppler Effect and Coherence Phenomena», Proc. Indian Acad. Sci., 1936 (med N. S. Nagendra Nath)
- «Acoustic Spectrum of Liquids», Nature (London), 1937 (med B.V. Raghavendra Rao)
- «Light Scattering and Fluid Viscosity», Nature (London), 1938 (with B.V. Raghavendra Rao)
- Aspects of Science, 1948
- The New Physics: Talks on Aspects of Science, 1951
- «The structure and optical behaviour of iridescent opal», Proc. Indian. Acad. Sci. A38 1953 (med A. Jayaraman)
- Lectures on Physical Optics, 1959
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «C. V. Raman» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1930» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.