Chanel Terrero
Chanel Terrero (fødd 28. juli 1991 i Havanna på Cuba), kjend under artistnamnet Chanel, er ein cubansk-spansk songar, skodespelar og dansar. Ho vann den spanske songtevlinga Benidorm Fest 2022 og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2022 med songen «SloMo».
Chanel Terrero | |||
| |||
Fødd | 28. juli 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Havanna | ||
Fødenamn | Chanel de las Mercedes Terrero Martínez | ||
Alias | Chanel | ||
Opphav | Cuba, Spania | ||
Aktiv | 2009– | ||
Sjanger | latino-pop | ||
Plateselskap | Sony Music Spain | ||
Verka som | skodespelar, songar, ballerina | ||
Prisar | Bronsemikrofonen |
Bakgrunn
endreTerrero vart fødd i den cubanske hovudstaden Havanna i 1991, men som treåring flytta ho og familien til Olesa de Montserrat i Catalonia i Spania.[1] Allereie som barn tok ho kurs og undervisning innan ballett, song og skodespel.
Terrero flytta seinare til Madrid for å satse på ein skodespelarkarriere. Utover i 2010-åra vart ho kjend da ho spelte i musikalar som Mamma Mia!, Flashdance, Bodyguard og Løvenes konge. Ho gjorde seg også merka i ei rekkje mindre rollar på film og fjernsyn i Spania, blant anna deltok ho som dansar i realityprogrammet Tu cara me suena.[2] I 2010 dansa ho også med Shakira då ho opptredde under MTV Europe Music Awards.[3]
I desember 2021 kunngjorde den spanske ålmennkringkastaren RTVE at Chanel var blant dei 14 deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest 2022. Tevlinga vart arrangert i Benidorm i slutten av januar 2022, og vinnaren fekk representere Spania i Eurovision Song Contest. Chanel vann den fyrste semifinalen 26. januar, og deretter vann ho finalen 29. januar med låten «SloMo».[4][5] Ho fekk dimed representere Spania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6] I Eurovision Song Contest enda Chanel på tredjeplass, noko som var den beste plasseringa til Spania på 27 år. Ved heimkomsten i Madrid dagen etter finalen vart ho teken imot av fleire tusen fans på Plaza Mayor, og ho vart gratulert av den spanske kongefamilien.[7][8]
Kjelder
endre- ↑ Álvarez, Inés (16. mars 2019). «Chanel Terrero: 'La escena del agua de Flashdance es muy divertida de hacer'». elperiodico (på spansk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ Hernández, Carla (26. januar 2022). «Así es Chanel, la artista y "fiera luchadora" que nos representará en Eurovisión». vanitatis.elconfidencial.com (på spansk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ «¿Quién es Chanel, la sorprendente ganadora de la primera semifinal del Benidorm Fest?». La Vanguardia (på spansk). 27. januar 2022. Henta 30. januar 2022.
- ↑ Davies, Megan (26. januar 2022). «🇪🇸 Spain: Four Qualify From Benidorm Fest First Semi-Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ Farren, Neil (29. januar 2022). «🇪🇸 Spain: Chanel to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ «Chanel wins Benidorm Fest 2022 in Spain with "SloMo"». wiwibloggs (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 30. januar 2022.
- ↑ «El increíble recibimiento a CHANEL en la Plaza Mayor de Madrid tras Eurovisión 2022 | LOS40» (på norsk bokmål). Henta 19. mai 2022.
- ↑ «Yaaas Queen: Chanel receives congratulations letter from the Royal Family after Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 17. mai 2022. Henta 19. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Chanel Terrero» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2022.