Charles-François Daubigny
Charles-François Daubigny (15. februar 1817–19. februar 1878) var ein fransk landskapsmålar og grafikar. Han er kanskje den fremste representanten i fransk kunst for «le paysage intime», det nære landskapet. Daubigny var ein av forløparane til impresjonistane og vert assosiert med Barbizon-skulen.
Charles-François Daubigny | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. februar 1817 Paris |
Død |
19. februar 1878 (61 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, landskapsmålar, biletkunstnar, grafikar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Barbizon-skulen |
Far | Edmé-François Daubigny |
Born | Karl Daubigny |
Charles-François Daubigny på Commons |
Liv og gjerning
endreDaubigny var fødd inn i ei kunstnarfamilie i Paris. Han vart lært opp til målar av faren Edmond Daubigny, onkelen og miniatyrmålaren Pierre Daubigny og Paul Delaroche.
Han starta som ein tradisjonell målar, til ei viss grad inspirert av eit opphald i Italia. Kringom 1850 fjerna han seg frå dei heroiske motiva og byrja å studere naturen på ein meir inngåande måte. I staden for storslagne naturlandskap, synte han fram rolege landskap med skog og stilleflytande elvar. Mange av motiva fann han frå sin eigen husbåt som han hadde fått innreidd til atelier, og som han reiste rundt på franske elvar og kanalar med.
Daubigny møtte impresjonisten Camille Corot i 1852, og vart påverka både av han og ein annan fransk målar, Gustave Courbet. Frå 1866 budde han i England. Han var der til både han og Claude Monet måtte reise til heimlandet via Nederland i 1870, grunna den fransk-prøyssiske krigen. Vel tilbake i Auvers møtte han elles ein annan av dei seinare impresjonistane, Paul Cézanne.
Daubigny nytta friske fargar i bileta sine, ofte grønfargar, som ramme om ei fredfull stemning. Små hus, glitrande vatn eller kunne vere slike stemningsskapande element. Gjennom sine motiv frå Barbizonskogen og frå Bretagne står han som den fremste målaren av Barbizon-skulen i fransk kunst.
Han døydde i fødebyen Paris, 61 år gammal.
Galleri
endre-
Le Satyre (1848), trykk
-
Les Blanchisseuses (1870-1874), olje på lerret, 53 x 80 cm, New York, The Frick Collection.
-
Moisson (1851), olje på lerret, 135 x 196 cm, Paris, musée d'Orsay.
-
Paysage au marais (1861), olje på lerret, 113 x 132 cm, Nasjonalmuseet i Warszawa.
-
Le Printemps (1862), olje på lerret, 133 x 240 cm, Berlin, Alte Nationalgalerie.
-
Bords de l'Oise (1863), olje på lerret, 88.9 x 161,3 cm, kunstmuseet i Saint-Louis i Missouri.
-
Båtar på Oise, 1865, olje på tavle, 36 x 67 cm, Louvre
-
Crépuscule (1866), olje på tavle, 45 x 81.5 cm, Baltimore, Walters Art Museum.
-
Bateaux sur la côte à Étaples (1871), olje på tavle, 34.3 x 58.1 cm, New York, Metropolitan Museum of Art.
-
Lever de lune à Auvers, eller Le Retour du troupeau (1877), olje på lerret, 106.5 x 188 cm, musée des beaux-arts de Montréal.
Kjelder
endre- ↑ Le Monde Illustré, 3 mars 1878, p. 160.
- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Charles-François Daubigny» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2012.