Charlie Chaplin

(Omdirigert frå Charles Spencer Chaplin)

Sir Charles (Charlie) Spencer Chaplin (16. april 188925. desember 1977) var ein britisk skodespelar, filmregissør og komponist.

Charlie Chaplin

Fødd16. april 1889
FødestadWalworth
Død25. desember 1977 (88 år)
DødsstadCorsier-sur-Vevey, Manoir de Ban
FødenamnCharles Spencer Chaplin
Aktive år1899–1976
Verka somfilmregissør, komponist, filmskodespelar, manusforfattar, filmprodusent, komikar, filmklyppar, sjølvbiograf, teaterskodespelar, filmmusikkomponist, skodespelar, regissør, produsent, skribent
MorHannah Chaplin
FarCharles Chaplin, Sr.
EktefelleMildred Harris, Lita Grey, Paulette Goddard, Oona O'Neill
SambuarJoan Barry
BornCharles Chaplin, Geraldine Chaplin, Michael Chaplin, Josephine Chaplin, Victoria Chaplin, Eugene Chaplin, Christopher Chaplin, Jane Chaplin, Sydney Chaplin
Prisarkommandør av Æreslegionen, Kinema Junpo-prisen, Æres-Oscar, Æres-Bodil, Sølvbåndet for beste utenlandske filmregissør, Verdensfredsrådets pris, Gulløven, Jussi-prisen, BAFTA Academy Fellowship Award, Erasmusprisen, Knight Commander of the Order of the British Empire, Oscar for beste komposisjon til en dramafilm, Æres-Oscar, National Board of Review Award for beste film, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Grand Officer of the Order of Merit of the Italian Republic, Den britiske imperieordenen, Republikken Italias fortjenstorden, Oscar-prisen, Gulløven for livsverk
Charlie Chaplin — rollebilete frå filmen Landstrykaren (1915)

Chaplin vart fødd i London. Foreldra var fattige varietéartistar. Dei flytte frå kvarandre rett etter at Charlie vart fødd, og Charlie og broren Sydney voks opp hjå mora, Hannah Harriette Hill. I 1896 vart ho arbeidslaus og kunne ikkje forsyta borna, som fyrst vart sende til eit fattighus og deretter til ein barneheim.

Chaplin fylgde same lei som foreldra, og byrja som varietéartist då han var fem år. Han arbeidde som klovn i ei komediegruppe som vitja Canada og Sambandsstatane i 1910-13, og vart der oppdaga av ein amerikansk filmprodusent. Filmkarriera hans byrja med ein serie korte stumfilmar i 1914. Han vart ein av dei fyrste Hollywood-stjernene, og var mellom dei fåe skodespelarane som greidde overgangen frå stum- til ljodfilm1930-talet.

Chaplin ville ikkje ha amerikansk statsborgarskap. Under McCarthy-perioden fekk han store vanskar med dei amerikanske styresmaktene og vart nekta innreise i USA etter å ha vitja England i 1952. Chaplin flytte då til Sveits, der han budde fram til han døydde.

I 1975 vart han slått til riddar (KBE) i England.