Paulette Goddard

Paulette Goddard, eigentleg Marion Pauline Levy, (3. juni 191023. april 1990) var ein amerikansk skodespelar innan film og teater.[1] Ho er òg kjend for å ha vore gift med kjende personar som Charlie Chaplin, Burgess Meredith og Erich Maria Remarque.

Paulette Goddard
Paulette Goddard publicity shot, date unknown III (soft contrast).jpg
Fødd3. juni 1910
FødestadQueens
Død23. april 1990 (79 år)
DødsstadRonco sopra Ascona
FødenamnMarion Goddard Levy
Aktive år1929–1972
Verka somskodespelar, filmprodusent, modell, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar
EktefelleCharlie Chaplin, Burgess Meredith, Erich Maria Remarque

Goddard starta karrieren som barnemodell innan mote, og arbeidde seinare ved teatera på Broadway ved Ziegfeld Follies-produksjonane. Ho var ein av dei store stjernene til Paramount Pictures i 1940-åra.

I 1943 blei ho nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla som løytnant Joan O'Doul i filmen So Proudly We Hail!.

BakgrunnEndra

Goddard var det einaste barnet til Joseph Russell Levy og Alta Mae Goddard. Faren hadde jødisk bakgrunn, medan mora hadde engelsk bakgrunn og var medlem av den amerikanske episkopale kyrkja.[2] Foreldra skilde seg då ho var ung, og ho hadde ikkje kontakt med faren før etter at ho blei ei kjend stjerne. Ho voks opp saman med mora, og blei òg teken hand om av grandonkelen Charles Goddard som blant anna skaffa ho arbeid som modell som ung og seinare tilsetjing ved Ziegfeld Follies som ei av dei overdekorerte og pynta Ziegfeld Girls i showet. Her arbeidde ho frå 1924 til 1928. Ho gjekk på Washington Irving High School i Manhattan samstundes med Claire Trevor.

Liv og karriereEndra

 
Paulette Goddard i Dramatic School frå 1938
 
Goddard, med Fred Astaire (i midten) og den kommande ektemannen hennar Burgess Meredith i filmen Second Chorus frå 1940

Ho debuterte i ei scenerolle i 1926 i stykket No Foolin'. På denne tida tok ho òg Paulette som einaste førenamn og jentenamnet til mor si, Goddard, som etternamn. Dette var òg etternamnet til velgjeraren hennar, grandonkelen Charles. Ho gifta seg med den noko eldre, rike tømmerhandlaren Edgar James i 1926 eller 1927 og flytta til Nord-Carolina. I 1929 flytta ho vidare til Hollywood saman med mor si, og blei skild frå Edgar James året etter.

Etter å ha hatt ein del mindre, ikkje krediterte roller, skreiv ho i 1932 kontrakt med Hal Roachs studios, og spelte blant anna i Helan og Halvan-filmen Pack Up Your Troubles. Same året traff ho Charlie Chaplin og dei var involverte både i eit romantisk og eit profesjonelt tilhøve mellom 1932 og 1940. Goddard budde saman med Chaplin i heimen hans i Beverly Hills det meste av denne tida.[3] Chaplin gav henne hovudrolla i Moderne tider og Diktatoren. Mangel på klargjering av den ekteskapelege statusen deira skal ha vore årsaka til at Vivien Leigh fekk rolla som Scarlett O'Hara i Tatt av vinden i staden for Goddard.[4] Etter at tilhøvet til Chaplin enda i 1940 gav både Chaplin og Goddard offentlege utsegner der dei fortalde at dei hadde vore hemmeleg gifte sidan 1936, men desse utsegnene var truleg meir eit felles forsøk på å hindra langvarig skade på Goddard sin karriere. Tilhøvet deira enda i minneligheit i 1942 då Goddard fekk ei godtgjering.

I mellomtida spelte ho inn filmar for Samuel Goldwyn Studio. I 1939 teikna ho kontrakt med Paramount Pictures, og den første filmen for dette selskapet var The Cat and the Canary der ho spelte mot Bob Hope. Denne filmen skulle bli eit vendepunkt i karrieren til begge. For Goddard førte filmen til rolla hennar i Diktatoren, og etter brotet med Chaplin spelte ho mot Fred Astaire i filmen Second Chorus.

Under denne innspelinga møtte ho skodespelaren Burgess Meredith som ho seinare gifta med seg. I heile perioden frå 1939 og fram gjennom 1940-åra var ho Goddard ein av dei største filmstjernene og hadde ein stor produksjon. I 1947 reiste ho til Storbritannia og spelte inn filmen An Ideal Husband, regissert av Alexander Korda.

I ekteskapet med Meredith hadde ho ein spontanabort, og fekk inkje barn. Ho var gift med Meredith fram til 1958. Seinare gifta ho seg med den tyske forfattaren Erich Maria Remarque og blei verande gift med han fram til han døydde i 1970.

Ho arva ein betydeleg formue etter Remarque og blei utover i 1980-åra ein kjend figur i det sosiale livet i New York. Ho blei svekka etter ein omfattande operasjon for brystkreft, der fleire ribbein måtte fjernast. Ho flytta då attende til Ronco sopra Ascona i Sveits der ho hadde budd saman med Remarque og der han og mora var gravlagde. Ho døydde i Ronco av lungeemfysem, nokre veker før 80-årsdagen. Ho testamenterte heile formuemn sin på 20 millionar amerikanske dollar til New York University, og eit elevinternat i tilknyting til universitetet er oppkalla etter henne.

FilmografiEndra

Film
År Film Rolle Note
1929 Berth Marks Togpassasjer
The Locked Door Jente på smuglarbåt Ikkje kreditert
1931 City Streets Dansenummer Ikkje kreditert
The Girl Habit Undertøyseljar
Ladies of the Big House Innsett, i mengda Ikkje kreditert
1932 The Mouthpiece Blondine i selskap Ikkje kreditert
Show Business Blond togpassasjer Ikkje kreditert
Young Ironsides Seg sjølv, Miss Hollywood Ikkje kreditert
Pack Up Your Troubles Brudepike Ikkje kreditert
Girl Grief Student Ikkje kreditert
The Kid from Spain Goldwyn-jente Ikkje kreditert
1933 Hollywood on Parade No. B-1 Seg sjølv Lita rolle
The Bowery Blond jente som annonserer Brodie sitt hopp Ikkje kreditert
Hollywood on Parade No. B-5 Seg sjølv Lita rolle
Roman Scandals Goldwyn-jente Ikkje kreditert
1934 Kid Million sin Goldwyn-jente Ikkje kreditert
1936 Moderne tider Ellen Peterson
The Bohemian Girl Omstreifande sigøynar Ikkje kreditert
1938 Når hjertet er ungt Leslie Saunders
Dramatic School Nana
1939 Kvinner Miriam Aarons
Spøkelseshuset Joyce Norman
1940 The Ghost Breakers Mary Carter
Diktatoren Hannah
Screen Snapshots: Sports in Hollywood Seg sjølv Lita rolle
Canadas ridende politi Louvette Corbeau Annan tittel: Northwest Mounted Police, The Scarlet Riders
Second Chorus Ellen Miller
1941 Jimmys rike onkel Molly McCorkle Annan tittel: The Golden Hour, Jimmy Steps Out
La det ikke bli dag Anita Dixon
Nothing But the Truth Gwen Saunders
1942 Ung dame har planer Sidney Royce
Urent farvann Loxi Claiborne Annan tittel: Cecil B. DeMille's Reap the Wild Wind
The Forest Rangers Celia Huston Stuart
Star Spangled Rhythm Seg sjølv
1943 The Crystal Ball Toni Gerard
Stolt helsar vi Løytnant Joan O'Doul Nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle
1944 Direktøren søker nattlosji Jane Rogers/Suzanne
I Lóve a Soldier Evelyn Connors
1945 Duffy's Tavern Seg sjølv
Kitty Kitty
1946 Celestines dagbok Célestine Produsent (ikkje kreditert)
1947 Suddenly, It's Spring Mary Morely
Variety Girl Seg sjølv
Ubeseiret Abigail «Abby» Martha Hale
En ideell ektemann Fru Laura Cheveley
1948 Når enden er god Martha Pease
Screen Snapshots: Smiles and Styles Seg sjølv Lita rolle
Hazard Ellen Crane
1949 Hevnens borg Lucretia Borgia
Anna Lucasta Anna Lucasta
A Yank Comes Back Seg sjølv Ikkje kreditert
1950 The Torch María Dolores Penafiel Assisterande produsent

Annen tittel: Bandit General

1952 Babes in Bagdad Kyra
1953 Mordkommisjonen Mona Ross Annan tittel: The Girl in Room 17
Sins of Jezebel Jezebel
Paris Model Betty Barnes Annan tittel: Nude at Midnight
1954 Charge of the Lancers Tanya
A Stranger Came Home Angie Annan tittel: The Unholy Four
1964 Gli indifferenti Mariagrazia
Fjernsyn
År Tittel Rolle Note
1953-1957 Ford Theatre Nancy Whiting

Holly March

To episodar
1952 The Ed Sullivan Show Seg sjølv To episodar
1954 Sherlock Holmes Lady Beryl Ein episode
1955 Producers' Showcase Sylvia Fowler Ein episode
1957 The Errol Flynn Theatre Rachel Ein episode
On Trial Dolly Ein episode
1959 Adventures in Paradise Mme. Victorine Reynard Ein episode
What's My Line? Panelgjest Ein episode
1961 The Phantom Mrs. Harris TV-film
1972 The Snoop Sisters Norma Treet TV-film

Annan tittel: Female Instinct

KjelderEndra

  1. Kildene oppgir noe forskjellige årstall for hennes fødsel, de sveitsiske myndighetene protokollerte denne ved hennes død som 1905, mens den amerikanske folketellingen i 1920 viser at pr 15. april 1910 var foreldrene barnløse mens de bodde på Manhattan. Folketellingen per 1. januar 1920 viser Paulette Goddard (som Pauline G. Levy), 9 år, og boende med sine foreldre in Kansas City, Missouri.
  2. http://www.adherents.com/people/pg/Paulette_Goddard.html[daud lenkje]
  3. «Charlie Chaplin’s Wives». ednapurviance.org. Henta 6. oktober 2010. 
  4. Haver, Ronald: David O. Selznick's Hollywood, sidene 251 og 259-260 Bonanza Books, 1980, New York. ISBN 0-517-47665-7