Sophia av Storbritannia
Prinsesse Sophia av Storbritannia (Sophia Matilda), kjend som The Princess Sophia, (3. november 1777–27. mai 1848) var ei britisk prinsesse som var det tolvte barnet og femte dottera til kong Georg III av Storbritannia og Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Ho var faster til Viktoria I av Storbritannia.
Sophia av Storbritannia | |||
| |||
Fødd | 3. november 1777 Buckingham Palace | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mai 1848 Kensington Palace | ||
Alle titlar | britisk prinsesse | ||
Hus eller slekt | Fyrstehuset Hannover | ||
Gravstad | Kensal Green Cemetery | ||
Land | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Mor | Charlotte av Mecklenburg-Strelitz | ||
Far | Georg III av Storbritannia | ||
Sambuar | Thomas Garth | ||
Barn | Thomas Garth, Jr. |
Liv
endrePrinsesse Sofia blei fødd på Buckingham Palace i London. Ho og dei tre yngre systrene hennar blei underviste saman, som dei tre eldre systrene hadde blitt, men dei tre yngre døtrene fekk ei noka mindre sofistikert utdanning enn dei eldre systrene sine. Dei blei underviste i musikk, dans, kunst, engelsk, fransk, tysk og geografi under oppsyn av guvernanta si, lady Charlotte Finch.
Sofia debuterte i det vaksne selskapslivet på fødselsdagsballet til far sin i 1792. Til skilnad frå det som var norma for prinsesser i hennar samtid blei ho ikkje gifta bort i femtenårsalderen. Far hennar far ville ikkje at døtrene hans skulle gifta seg; dels på grunn av dei ulykkelege ekteskapa til systrene hans utanlands, og dels fordi han var tilfreds med å halda på dei heime. De fekk i staden leva eit overbeskytta liv som selskap for mor si, fekk aldri treffa personar utanfor hoffet eller ha for nær omgang med menn.
I levetida hennar gjekk det fleire gonger rykte om at ho hadde eit seksuelt forhold til broren sin, Ernst August, hertugen av Cumberland. Det er ikkje kjent om det ligg noko som helst i desse rykta, eller om dei blei spreidde for å diskreditera Ernst August som tory-sympatisør. I 1800 skal Sofia ha fødd eit barn i løyndom. Fødselen blei skjult, og barnet, ein son, blei sendt til fostreforeldre. Sofia skal av og til ha fått høve til å vitja sonen i løyndom. Det er ukjent om faren til dette eventuelle barnet var bror hennar, eller hovstallmeisteren Thomas Garth. Sofia blir oppgitt å ha vore forelska i Garth, og det fanst spekulasjonar om at dei hadde gifta seg i løyndom, men dette er ikkje bekrefta. Det finst òg opplysingar om at bror hennar Ernst August var seksuelt aggressiv, at systrene hans blei åtvara om å vera i einerom med han og at han utsette Sofia for ei valdtekt, men òg dette er ubekrefta. Det heile var gjenstand for snadder i ei årrekkje.
Då far hennar kongen fekk ein permanent psykisk sjukdom i 1811, og bror hennar blei utnemnd til regent, fekk systrene oppleva meir fridom. Han lét Maria og Elisabet gifte seg, og forhøga vedlikehaldet til Sofia og Augusta. Då mora gjekk bort 1818, kunne dei to sistnemnde til slutt få sin eigen bustad. Ho var yndlingsfastera til prinsesse Charlotte Augusta av Wales.
I slutten av livet sitt budde ho i Kensington Palace, og blei dermed ein av dei slektningane som ofte hadde omgang med brordottera si, den komande dronning Victoria. Som svigerinna si, mor til Victoria, gav ho John Conroy ansvaret for kapitalen sin. Då ho døydde blei det konstatert at Conroy hadde ødsla pengane hennar.
Dei siste ti åra av livet sitt var ho blind. På eige ønske blei ho gravlagd ved Kensal Green Cemetery, fordi ho ville vera nær broren sin prins August Fredrik, hertug av Sussex.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Prinsessan Sofia av Storbritannien» frå Wikipedia på svensk, den 26. mai 2024.