Chatgaiya
Chatgaiya eller chittagongspråk (bengalsk skrift চাটগাঁইয়া বুলি, uttalt chaţgãia buli) er eit indoarisk språk som blir snakka snakka søraust i Bangladesh, i områda rundt hamnebyen Chittagong. Det har rundt 36 millionar talarar. Språket er nært i slekt med bengali, men språka er ikkje gjensidig forståelege. Det burmesiske språket rohingya liknar mykje på sørlege dialektar av chatgaiya. Chakma som blir tala i Chittagong-området og i tilstøytande delar av India er også nært i slekt.
Chatgaiya চাটগাঁইয়া বুলি chaţgãia buli | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indo-iransk Indo-arisk Austleg Bengali–assamesisk | |
Bruk | ||
Tala i | Bangladesh, India, Burma | |
Chatgaiyatalande i alt | 13 millionar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | ctg |
Chatgaiya har inga standardform og blir ikkje brukt i undervising. Fleire chatgayatalande er analfabetar enn resten av Bangladesh. Utdanna talarar lærer som regel å lesa og skriva bengali. Chatgaiya blir derfor ofte sett på som ein uutdanna eller mindreverdig dialekt av bengali. Språket blir likevel verdsett i tradisjonelle songar som «Fan chhoddo chhoddo dheu tuli, Lusai paharattun namiyere jargui Karnafully» ('I små små bølger glir Karnafuli ned frå Lusai-åsane') eller «Hasti Durai jargui damal maliniro mahale» ('På ein elefant skunder helten seg mot kammeret til den han elskar').
Bakgrunnsstoff
endre- Chittagonian. Opptak på chatgaya (bibelforteljing) ved globalrecordings.net
Kjelder
endre- Chittagonian ved ethnologue.com
- Mohit ul Alam, «Of Chittagong Dialect» Daily Star (June 6, 2002). Opphavleg www.dailystarnews.com/200206/06/n2060607.htm#BODY4, arkivert versjon[daud lenkje]
- «chakma» (02.01.2013) i Store norske leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Chittagong (språk)» frå Wikipedia på bokmål, og «Chittagonian language» frå Wikipedia på engelsk den 27. januar 2013.