Chittagong (bengali চট্টগ্রাম, Chôţţogram) er den nest største byen i Bangladesh, og den største hamnebyen. Han ligg søraust i landet ved munningen av Karnaphuli i Bengalbukta.[1] Han er ein av dei eldste hamnebyane i verda, med ei naturleg hamn som har vore nytta i mange hundreår.[2]

Chittagong
চট্টগ্রাম
Land  Bangladesh
Areal 157 km²
Folketal 2 581 643 (2011)
Kart
Chittagong
22°20′06″N 91°49′57″E / 22.335°N 91.8325°E / 22.335; 91.8325
Wikimedia Commons: Chittagong
Nettstad: chittagong.gov.bd

Sjølve byområdet hadde over 3,9 millionar innbyggjarar i 2020.[3] Storbyområdet kring Chittagong hadde over 5,2 millionar innbyggjarar i 2022.[4]

Historie

endre
 
A Dutch map in 1638 showing Bengal, Chittagong and Arakan
 
Dutch VOC ships in Chittagong, 1702

Det er funne fossil og steinalderreiskapar som tyder på at Chittagong-området har vore folkesett sidan yngre steinalder.[5] Han har vore hamneby sidan gammal tid, med ei dokumentert historie tilbake til 300-talet f.Kr.[6] Hamna blei nemnd på verdskartet til Ptolemaios på 100-talet som ei av dei mest imponerande hamnene i austen.[2] Området høyrde til dei gamle bengalske rika Samatata og Harikela. Den kinesiske reiseforfattaren Xuanzang skildra staden som «ein sovande venleik som stig fram frå skodde og vatn» på 600-talet.[7]

Arabiske handelsfolk kom til Chittagong frå 800-talet av. I 1154 skreiv Al-Idrisi om ei travel handelsrute mellom Basra og Chittagong, slik at byen hadde samband med abbasidehovudstaden Bagdad.[8]

Kjelder

endre
  1. «Chittagong» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 Ring, Trudy; Watson, Noelle; Schellinger, Paul (12 November 2012). Asia and Oceania: International Dictionary of Historic Places (på engelsk). Routledge. ISBN 978-1-136-63979-1. 
  3. «Chattogram, Bangladesh Population (2023) – Population Stat». populationstat.com. Henta 11. mars 2023. 
  4. «Chittagong · Population». population.city. Henta 30. april 2022. 
  5. Khan, M. Morshed (1994). Bangladesh Towards 21st Century. Ministry of Information. OCLC 34115814. 
  6. «Custom House Chittagong». Arkivert frå originalen 9. november 2015. 
  7. «Past of Ctg holds hope for economy». The Daily Star. Arkivert frå originalen 13. april 2014. Henta 29. august 2013. 
  8. Osmany, Shireen Hasan (2012). «Chittagong City». I Islam, Sirajul; Jamal, Ahmed A. Banglapedia: National Encyclopedia of Bangladesh (Second utg.). Asiatic Society of Bangladesh. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Chittagong