Chengde (kinesisk: 承德; pinyin: Chéngdé) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet har eit areal på 39 519 km² og eit folketal på om lag 3,7 millionar i 2009. Chengde grensar mot Liaoning i nordaust og Indre Mongolia i nordvest.

Chengde (gul) i Hebei
Midtbyen i Chengde sett frå eit fritidsområde

Byprefekturet Chengde omfattar to distrikt (区 ), eitt gruvedistrikt (矿区 kuàngqū), fem byfylke (市 shì), tre fylke (县 xiàn).

Historie endre

Chengde ligg 180 km nordaust for den kinesiske hovudstaden Beijing. Staden er mest kjend som sommarresidens for keisarane under Qing-dynastiet. Keisarpalassa vart reist frå 1700-talet og framover.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 101 går gjennom området. Han tek til i Beijing og fører via Chengde til Shenyang i Liaoning-provinsen. Chengde har direkte jarnbanesamband til den kinesiske hovudstaden.

Kjelder endre