Chinguetti (arabisk شنقيط‎, romanisert Šenqīṭ) er ein by nordvest i Mauritania som ligg på Adrarplatået aust for Atar. Han var tidlegare ein samlingsstad for karavanar som kryssa Sahara, og er framleis eit viktig religiøst senter. Byen blei sett på UNESCO si liste over verdsarv i 1996.

Chinguetti
by
Land  Mauritania
Folketal 6 811 (2013)
Kart
Chinguetti
20°27′18″N 12°21′42″W / 20.455121°N 12.361622°W / 20.455121; -12.361622
Wikimedia Commons: Chinguetti

Viktige bygg i byen er moskéen, eit fort bygd av den franske framandlegionen og eit høgt vasstårn.

Frå eit koranbibliotek.
Foto: Jgremillot

Byen har eit titals bibliotek med gamle manuskript på gasell- og geiteskinn. Dei fleste av desse bøkene handlar om islam, men det finst òg nokre bøker om litteratur og vitskap.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.