Christian Ødegaard
Christian Halvorsen Ødegaard (21. januar 1849–15. desember 1917) var ein norsk jarnbanemann, gardbrukar og stortingsmann frå Løten. Han var medlem av Venstre.
Christian Ødegaard | |
Fødd | 21. januar 1849 |
---|---|
Død | 15. desember 1917 (68 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Ødegaard var son til ein gardbrukar. Sjølv var han frå 1868 jarnbanearbeidar, åra 1871-73 i USA. Etter han kom heim til Noreg var han dels kontraktør av arbeid ved jarnbanen, og dels oppsynsmann under jarnbanearbeid. Seinare kjøpte han ein gard i Askim og slo seg ned der, i tillegg var han banemeister ved jarnbanen.
Ødegaard var 1900-03 Smaalenenes amt sin 3. representant på Stortinget, der han representerte Venstre og var medlem av tollkomiteen. Han var medlem av heradsstyret i Askim i tjue år, og ordførar i perioden 1905-07.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914