Christian Cantwell

Christian Cantwell (fødd 30. september 1980) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Jefferson City i delstaten Missouri som vart verdsmeister i kulestøyt i 2009.

Christian Cantwell


Statsborgarskap USA
Fødd 30. september 1980 (43 år)
Jefferson City
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Aktiv endre

Cantwell vann sølvmedaljen i kulestøyt under dei olympiske leikane 2008 i Beijing med eit bestestøyt på 21,09 meter, Tomasz Majewski frå Polen tok gullmedaljen. Under VM i friidrett 2009 i Berlin bytta dei plass, Cantwell vann gullet med 22,03 meter og Majewski sølvet med 21,91 m. Ved friidretts-VM 2011 i Daegu presterte Cantwell som best 21,36 m, noko som gav han bronsemedaljen i tevlinga.

Cantwell sin personlege rekord er 22,54 meter, oppnåd i Gresham i Oregon den 5. juni 2004.

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.