Tomasz Majewski (fødd 30. august 1981) er ein polsk friidrettsutøvar frå Nasielsk. Han vart olympisk meister i kulestøyt under Sommar-OL 2008 i Beijing og forsvarte meistertittelen under Sommar-OL 2012 i London. Majewskis sette sin personlege rekord på 21,95 m under eit stemne i Stockholm i juli 2009.

Tomasz Majewski


Statsborgarskap Polen
Fødd 30. august 1981 (42 år)
Nasielsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta, offiser av Ordenen Polonia Restituta, ridder av ordenen Polonia Restituta

Majewski på Bislett stadion i 2010

Aktiv endre

Majewski slo seg gradvis inn i verdseliten i kulestøyt frå 2005-sesongen. Under verdsmeisterskapen i 2007 sette han personleg rekord med 20,87 m i finalen og vart nummer fem i øvinga. I dei olympiske leikane i Beijing i 2008 støytte han kula 21,51 m, også det personleg rekord, og vann ein klar siger i tevlinga. Den 25. juli 2009 forbetra han i Barcelona den personlege rekorden til 21,64 m, og få dagar seinare under DN-galan i Stockholm til heile 21,95 m, noko som også var polsk rekord i kulestøyt. Under VM i friidrett 2009 i Berlin landa kula på 21,91 m og gav han sølvmedaljen, 12 centimeter bak USA-amerikanske Christian Cantwell.

Majewski fekk sølvmedaljen også under EM i friidrett 2010. Her var han slått med minst mogeleg margin av kviterussaren Andrej Mikhnevitsj; 21,00 m mot 21,01 m. Hausten 2010 vart han operert i ei skulder. To år seinare, under Sommar-OL 2012 i London, vart Majewski olympisk meister etter å ha støytt kula 21,89 m. Sigeren kom etter eit tett oppgjer mot den sterke tyskaren David Storl, som vart slått med tre centimeter. [1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Notar endre

  1. Men's Shot Put London2012.com

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Tomasz Majewski – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.