Opna hovudmenyen

Christian Horneman

embetsmann, medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll og stortingsrepresentant
(Omdirigert frå Christian Hersleb Hornemann)

Christian Hersleb Horneman (10. desember 178122. juni 1860) var ein norsk jurist, eidsvollsmannn og stortingsmann frå Trondheim.

Christian Horneman
Christian Hersleb Horneman (1781-1860).jpg
Fødd10. desember 1781
Trondheim
Død22. juni 1860
Trondheim
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
BarnRobert Nicolai Horneman

Horneman var fødd i Trondheim. Han gjekk på katedralskulen i heimbyen, der han vart student i 1798. Tre år seinare vart han cand. jur. i København. Deretter var han auditør ved kongens regiment i Helsingør, og garnisonsauditør på Kronborg slott. 1806 vart han auditør ved 2. jydske infanteriregiment. Frå 1810 var han byfut og byskrivar i Kragerø.

I 1815 slo Horneman seg ned i fødebyen som assessor ved stiftsoverretten. Her praktiserte han dei neste førti åra. Formann i representantskapen i Noregs Bank, medlem av styret i same banken 1832-48, preses i kongelige Videnskabers Selskab 1833-38, var mellom dei verva han hadde i denne perioden.

riksforsamlingaEidsvoll i 1814 var Horneman utsending frå Kragerø. Han slutta seg der til sjølvstendepartiet.

Horneman var stortingsrepresentant for Trondheim i 1824, 1827, på det overordentlege storting 1828, i 1830, 1836, på overordentleg storting 1836-37 og i 1839. I 1824 var han sekretær i konstitusjonskomiteen og medlem av Lagtinget. Gjennom posisjonen i konstitusjonskomiteen fekk han stor innverknad i handsaminga av grunnlovsforslaga. Han var av dei som sterkast slo ring om grunnlova, noko som og gjaldt på seinare storting.

Også i 1827 var Horneman medlem av i Lagtinget, i tillegg var han formann i komiteen om brennevinsbrenning, samt sekretær i både fullmaktskomiteen, konstitusjonskomiteen og traktatkomiteen. I 1828 var han sekretær i fullmaktskomiteen og revisjonskomiteen. Han var i 1830 formann i protokollkomiteen. I 1836 og 1836-37, då han møtte som varamann, var han medlem av protokollkomiteen. Atter medlem av Lagtinget i 1839, og formann i gasje- og pensjonskomiteen.

Horneman vart vald til stortinga i 1833 og 1845. Ved det fyrste høvet sa han frå seg valet, siste gongen hadde han sjukdomsforfall.

Horneman døydde i Trondheim i 1860, og vart gravlagd på kyrkjegarden ved domkyrkja.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra