Christian Ihlen

norsk politikar

Christian Johansen Ihlen (26. november 183814. januar 1901) var ein norsk handelsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han røysta i lag med Moderate Venstre.

Christian Ihlen

Fødd26. november 1838
Modum kommune
Død14. januar 1901 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiModerate Venstre
Yrkepolitikar, handelsmannn, bonde
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1889–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • ordførar i Eiker (1884–1885)
  • ordførar i Øvre Eiker (1885–1887) Sjå dette på Wikidata

Ihlen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han eit år på Tordenskjoldskulen i Holmestrand, og var så sjømann i tre år. Sidan arbeidde han som handelsbetjent i Fredrikshald og i Hokksund. Frå 1867 dreiv han forretning i Drammen. År 1871 overtok han garden Ullern i Øvre Eiker etter svigerfaren, og var sidan gardbrukar.

Ihlen var medlem av heradsstyret 1882-91, ordførar i Eiker 1884-85 og det utskilde heradet Øvre Eiker 1889-91. Han var presten sin medhjelpar frå 1874, og medlem av tilsynskomiteen for Randsfjordbana. Ihlen representerte Buskeruds amtStortinget i perioden 1889-91. Han var medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde på garden sin i Øvre Eiker i 1901.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914