Opna hovudmenyen

Christian L. Rolfsen

norsk advokat og politikar

Christian Lange Rolfsen (6. november 186421. januar 1934) var ein norsk advokat og Høgre-politikar frå Drammen som i 1923-24 var justisminister i Berge-regjeringa.

Christian L. Rolfsen
ChristianLangeRolfsen.jpg
Fødd6. november 1864
Død21. januar 1934
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat

Rolfsen var son til ein sorenskrivar. Han gjekk i faren sine fotspor og vart cand.jur. i 1888. 1888-89 var han fullmektig hos sakførar H. Berg på Elverum. Deretter arbeidde han ved sorenskrivarkontoret i Tune til 1894, som konstituert sorenskrivar 1892-94. Våren 1895 tok han over ei sakførarforretning i Fredrikstad og var advokat i byen til 1912. Han var så byfut i Drammen til februar 1923, då han vart utnemnd til lagmann i Borgarting og Agder lagdømme. Tre månader seinare, 30. mai 1923 vart han statsråd i Justisdepartementet, ein posisjon han hadde til 24. juli 1924. Han gjekk då tilbake til lagmannsjobben i Drammen.

Rolfsen var aktiv i politikken for partiet Høgre. Perioden 1901-12 var han vald inn i Fredrikstad bystyre, ordførar i kommunen 1904–09. Han sat så perioden 1910-12 på Stortinget, vald frå einmannskrinsen Fredrikstad. På Tinget var han nestformann i Justiskomiteen.

KjelderEndra